Musikk
Ånd og ande
Dei nederlandske musikarane får Bachs kyrkjemusikk til å bløma.
Martin Luther (1483–1546) forkledd som «Junker Jörg» på flukt frå keisaren. Portrett frå 1521.
Eit klassisk musikkalbum kan setjast saman på ymse vis. Éin måte er å ordna repertoaret slik at det svarar til den opphavlege framføringssituasjonen, noko som er mest aktuelt for verk som i utgangspunktet ikkje var konsertmusikk.
Albumserien «Bach in context» frå 2010-åra, som var eit samarbeid mellom vokalgruppa Gesualdo Consort Amsterdam og instrumentalgruppa Musica Amphion, avla CD-ar som lukkast med dette konseptet i høve Johann Sebastian Bachs (1685–1750) kyrkjemusikk. Dei to nederlandske ensembla greidde her å kveikja interessa til lyttarane ved å gjenskapa framføringssituasjonane Bach stod i som kyrkjemusikar. Me får med andre ord Bachs orgel-, orkester- og vokalkomposisjonar i den liturgiske samanhengen som samtidas lutherske gudsteneste føresette.
Gåve frå Gud
Albumet Bach & Luther frå 2012 opna augo mine for den interessante albumserien. Han gjer klart at det å karakterisera ei luthersk gudsteneste som ei «utanommusikalsk» handling er unyansert. Musikken var ein strukturberande del av lutherske gudstenester (ulikt dei reformerte gudstenestene i tradisjonen etter Ulrich Zwingli og Johannes Calvin, som enten var musikklause eller berre med enkel salmesong).
Luther oppfatta nemleg trua, songen og spelet som uløyseleg knytte til kvarandre, jamfør den seinantikke kyrkjefaderen Augustin, som omtala musikken som donum Dei, ei gåve frå Gud. «Die Noten machen den Text lebendig!» – «Notane gjev liv til teksten!» – les me i ein av Luthers «bordtalar». Guds ord skulle altså ikkje berre lesast, men høyrast, for det var musikken som gav ordet ånd og ande.
Stort orgel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.