Film

Anatolisk apati

I ei ny eksistensiell øving av klasse teiknar Tyrkias toppregissør eit rikt bilete av tida si.

Sinan (Dogu Demirkol) (t.h.) kjem heim til småbyen med ein draum om å verte forfattar.
Sinan (Dogu Demirkol) (t.h.) kjem heim til småbyen med ein draum om å verte forfattar.
Publisert

Sinan (Demirkol) er ferdig som student i ein storby på kysten, og kjem heim til småbyen Çan, der far hans (Cemcir) krydrar tilværet som lærar med å spele vekk lønna på hestar, viss lønna kjem. Håpet til Sinan er å gje ut ei bok han har skrive mellom slaga som student. Er ein så heldig å få lærarjobb, er det sannsynlegvis i ein landsby aust i landet, men vegen frå litteraturstudent til å heve lønn som opprørspoliti er kort. Politiet og hæren er nærliggande yrkesvegar i Tyrkia om dagen, høyrer vi.

Drøfting i driv

Dette dramaet er dialogdrive. Sinan skvaldrar laus med ei lang rekkje figurar. Trass i tungt alvor, til tider, er det mange morosame replikkutvekslingar. Samtalane har spenning og ofte ein frekk tone. Nokre av samtalane er slitsame. Mannen masar. Alt frå to unge imamar i teologisk kjekling til krangling om gamle flammar og irriterande plaging av ein stakkars suksessrik forfattar er med mellom familiespliden. Kvart møte skildrar aspekt ved det tyrkiske samfunnet, samstundes som dei gjev heilskap til slitet Sinan kjenner for å finne seg sjølv og ambisjonane og frustrasjonane. Resignasjon truar.

Topp tre

Pengar prangar som problem. Det er dårlige tider. Dei nyutdanna har ikkje same sjansane som foreldra hadde. Generasjonskløft og forhold i familien står igjen som tema. Familiar og figurar er gjerne like misdanna eller særeigne som dei ville, tyrkiske pæretrea i tittelen. Difor kan ein forstå når faren saknar tida då læreplanen ikkje var ei tvangstrøye. Det er hardt å passe inn i nye heltehaussande forteljingar. Avmakta aukar. Boka Sinan har skrive, gjev namn til filmen. Han vil, som filmen, skildre folka som bur i området, mens dei høge herrane helst vil ha historier om heltar frå Troja og slaget om Gallipoli.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement