Bok

Amerikanske sommarfuglar

Ocean Vuong kombinerer det vakre og det brutale.

Ocean Vuong er fødd i Saigon, men bur for tida i Northampton i USA. For den kritikarroste diktsamlinga som kom ut på norsk i fjor, fekk han Whiting Award og T.S. Elliot Prize.
Ocean Vuong er fødd i Saigon, men bur for tida i Northampton i USA. For den kritikarroste diktsamlinga som kom ut på norsk i fjor, fekk han Whiting Award og T.S. Elliot Prize.
Publisert

Ocean Vuong (fødd i 1988) vart med romandebuten i 2019 ein litterær sensasjon i USA, men alt i 2013 vart han kjend som ein særs lovande ung poet. Poeten syner seg også i prosaen, som er biletrik og original. Vuong lærte faktisk ikkje engelsk før han var fleire år gamal.

Som hovudpersonen i romanen er Vuong fødd i Vietnam av ei innfødd mor. Mykje er likt mellom hovudpersonen Veslehunden og Ocean, men å spekulere over kvar desse liva er identiske og kvar ikkje, blir snart ganske irrelevant. Det er berre å gi seg over: På jorda er vi glimtvis vakre er ei råsterk forteljing om utanforskap og familievald og om sterke homoerotiske førstegongserfaringar. Aller mest handlar boka om kjærleiken til ei mor som, for å seie det med ein annan poet, «har eit hardt liv prenta i andletet».

Veslehunden

I Vietnam er det ein tradisjon at for at vonde ånder ikkje skal kome og ta barnet, må ein gi deteit lite flatterande namn. Veslehunden kom med mor og bestemor til USA frå Vietnam som liten gut. Kvar den amerikanske faren som fekk dei til småbyen Hartford i Massachusetts, har blitt av, får vi vite lite om, han er stort sett utanfor soga. Mora Rose er sentrum i tilværet til gutungen og dessutan duet boka er stila til. Romanen er lagd opp nesten som eit brev til henne. Rose er analfabet og jobbar i ein neglesalong. Ho snakkar dårleg engelsk og er utsliten av arbeidet – og ho er valdeleg mot guten sin. Nokre gonger går bestemor Lan imellom og kjem barnebarnet til unnsetning. Andre gonger er Lan for langt inne i sin eigen galskap, etter traumatiske krigserfaringar i Vietnam, til å oppfatte kva som hender rundt henne.

Det er altså ikkje noko teselskap å vekse opp i denne familien. Heller ikkje på skulen har Veslehunden det noko særleg. Som typisk annleis blir han mobba, men dette er ikkje hovudtemaet i romanen. Viktigare er det at den rørsla sonen gjer ved å trenge stadig lenger inn i det engelske språket og den amerikanske kulturen, samstundes blir å bevege seg stadig lenger vekk frå den mora som han trass alt elskar høgt.

Mykje av sprengkrafta i romanen ligg i det meisterlege, doble blikket til Vuong: Erfaringane er skildra både «nedanfrå», med den intense inntrykksvarleiken som høyrer barnet til, og «ovanfrå», med perspektivet og tolkingsapparatet til den vaksne mannen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement