Musikk
Ambivalens på mange plan
Sympathetic Magic er eit nytt viktig verk frå Kim Myhr.
Kim Myhr har verkeleg sett spor etter seg som komponist dei seinare åra. Sympathetic Magic kan sjåast på som ei vidareføring av You me (Hubro, 2017) som blei nominert til Nordisk råds musikkpris. Medan You me bada lydaren i klangar, er denne utgjevinga prega av skiftande melodiske snuttar, og ho står fram som ein sjudelt suite der delane i varierande grad har songkarakter.
Arbeidet med verket tok til under pandemien, og i førekant av komponeringa hadde Myhr kjøpt eit gamalt Yamaha-orgel (YC45d). Dette instrumentet har også på sitt vis vore med på å prega det endelege resultatet. Myhr har med seg sju eineståande musikarar som alle klart lar seg identifisera. Her er det ikkje rom for individuelle eskapadar, men bandet gjev samla sett ei framdrift og ein nerve til musikken som ville vore vanskeleg å få til om Myhr hadde gjort det heile heime på guterommet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.