Alt er som førHAVANNA: Det har vore dramatiske år for Cuba. Barack Obama opna for diplomati, Fidel døydde og Det kvite huset blei tatt over av ein villmann. Men filmfestivalen i Havanna held stand.
HAVANNA: Det har vore dramatiske år for Cuba. Barack Obama opna for diplomati, Fidel døydde og Det kvite huset blei tatt over av ein villmann. Men filmfestivalen i Havanna held stand.
Filmen til Alexandra Latishev frå Costa Rica er eit slag i magen om graviditet i land med strenge abortlover.
Alt er som før, som Sergio i Cubas klassikar Minner fra underutviklingen (1968) av Tomás Gutiérrez Alea sa. Det er framleis kø rundt kvartalet for å sjå kubansk film før klokka ti om formiddagen. Faren for teknisk svikt er som før. Det blei to fånyttes forsøk på å sjå Sergio & Serguéi av Ernesto Daranas, som tok Havanna med storm med sterke Conducta i 2014. Slikt skapar stendig konspirasjonar om at filmen er kontroversiell.
Ringreven Gerardo Chijona stilte i år med stjernespekka Los buenos demonios (Dei gode demonane). Låtten sat laust i salen over det satiriske sosiale dramaet. Då figurar i filmen lurar på om motivasjonen marsbuarar har for å kome til Cuba kunne vere dei sosiale modellane, lo folk godt. Galgenhumor slår best an.
Kvinnene kjem
Festivalleiar Iván Giroud melde stolt om ein auke i talet på filmar laga av kvinner i konkurransane til 34 prosent. Ingen er kvotert inn. Breidda er god. Liquid Truth av Carolina Jabor er ein vellukka brasiliansk slektning av danske Jakten med skrekkeksempel frå sosiale medium. Med Mala junta (Dårleg selskap) målar chilenske Claudia Huaiquimilla eit bra bilete av undertrykkinga av mapuchefolket i dag. I sjølvbiografiske Killing Jesús tar Laura Mora oss med til eit mordplaga Medellín.
Medrivande Medea av Alexandra Latishev frå Costa Rica er eit slag i magen om graviditet i land med strenge abortlover. I mellomamerikansk samanheng er menneskerettsproblema knytte til ekstreme abortlover i land liksom styrte av radikale rørsler verre, altså Nicaragua og El Salvador. At filmfolk frå eit ganske greitt fungerande demokrati ser på autoritære Cuba som eit førebilete for feminisme, er tankevekkjande. Argentinske Pablo Giorgelli (På veien til Buenos Aires) skildrar liknande problem med Invisible. Båe har utmerkte unge damer i hovudrollene.
Andre takter
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.