Musikk
Alt er same songen
Neil Young har gjort vrangvilje til eit livsval og ein karriere.
Neil Young på scena saman med The Chrome Hearts på Koengen i Bergen.
Foto: Ottar Fyllingsnes
Vrangpinne, arrogant kranglefant og eigenrådig særing. Desse fyndorda kunne vore nytta om ganske mange. På Neil Young passar dei derimot ekstra godt. Heilt sidan han gav seg i den fyrste store suksessen sin, bandet Buffalo Springfield, passande nok oppkalla etter ein dampvegvals, har han valsa over alt det folk forventar, og gjort vrangvilje til ein karriere. Ein mann styrt av innfall og luner meir enn av overarbeid og presisjon.
79-åringen har snart 50 studioalbum på samvitet. Det fjerde, Nashville-albumet Harvest gav han hiten «Heart of Gold». Albumet og låten gjorde han til superstjerne, midt i vegen. Det likte han ikkje noko særleg, og styrte difor, som han sjølv sa, mot grøfta.
53 år seinare er album 48 på sitt vis ein debut: Young har nytt band, The Chrome Hearts. Dei deler meir enn berre initialar med det klassiske bandet hans Crazy Horse. Micah Nelson, yngste sonen til Willie, er til dømes med i begge to. Dei ber òg i seg mykje musikkhistorie: Tangentspelar Spooner Oldham handterte orgelet på «When a Man Loves a Woman» i 1966, og produsent Lou Adler hjelpte mellom anna fram Carole King-høgdepunktet Tapestry.
Produktive Young har hittil i år klart meir enn dei fleste klarar på både tre og fire: ein dokumentarfilm om livet på turné (vrangt nok vist på kino berre skjærtorsdag), eit «gløymt» album frå 70-talet, livealbumet som høyrer til dokumentaren, fyrste album med The Chrome Hearts og turné med same gjeng. Ein turné som var i Bergen førre veke.
Bitter konflikt
Talking’ to the Trees er full av klassiske styrkar og veikskap frå Young. Evna hans til framleis å syngje, som han sjølv seier det, frå hjartet og bringe inn gitarar som skranglar og riv på dei rette stadene, er til stades.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.