Alt er så nær meg
Kombinasjon av det intenst kjenslevare og lyriske bilete gjer Frederik Svindlands debutroman til ei forfriskande og god lesaroppleving.
Fredrik Svindland er debutant. Foto: Cappelen Damm
Eg har alltid tenkt at det er noko farleg med kjensler – samstundes som eg har vore så full av dei. Det heftar noko latterleg ved det: å ikkje vere kul og ironisk, men snarare lett å begeistre, lett å røre til tårer og så oppslukt av sine eigne kjensler, tankar og fantasiar at det kan vere vanskeleg å faktisk få gjort noko.
Men med åra har eg sett ein motsett tendens òg: Å ha sterke kjensler eller til og med psykiske vanskar kan bli sett som teikn på at ein er djup og spesiell. No for tida er det ikkje nok å vere vanleg, ein skal helst skilje seg ut i mengda.
Det er mellom desse polane, det vanlege og det høgspende, Frederik Svindland rører seg i debutromanen Pelargonia. For det finst vel knapt eit vanlegare innhald i ein debutroman enn nostalgiske barndomsskildringar. Likevel skil Svindland seg ut med ei utprega romantisk haldning – ikkje som i romantisk kjærleik, men som i den litterære epoken. Han har gjort pelargoniaen, som finst på tallause norske terrassar, til 2017-svaret på romantikkens blå blome, og blitt løna med nominasjon til Tarjei Vesaas debutantpris.
Nyanserikdom
Når forteljaren på første side skildrar opplevinga av heimen og landskapet han vaks opp i, karakteriserer han samstundes sin eigen måte å fortelje på: «Alt stort og smått som skjer får lov til å være så høytidelig som vi selv føler det, det er ingen historie her å rette forestillingene sine etter, bare rekken med hverdagslige øyeblikk, det umiddelbare som utløses i alle ting, liksom det finnes en egen rettferdighet i det som gror, i det som slipper, i det som speiler seg.»
For denne forteljaren er sjølve livet ikkje hendingane, men opplevinga av naturen, heimen, foreldra. Saman med andre føler han seg utanfor, så han er bekymra for framtida: «Hvis moren min glemmer meg, er jeg virkelig ingen.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.