Alt er lov når ingen ser det
Slutten på flagget vårt er ein original og god roman der djup innsikt vert formidla av ein som knapt veit noko.
Kom ikkje med heile sanningi, skreiv Olav H. Hauge, men oppmodinga var snautt naudsynt, ein står sjeldan i fare for å få vita for mykje. I romanen Slutten på flagget vårtav Peter Franziskus Strassegger får lesaren all informasjon frå Adam, ein gut på 9-10 år, og han veit lite og forstår mindre, men av kunnskapsbresten og misforståingane hans kan ein likevel danne seg eit bilete av det som hender, eit bilete som er usynleg for Adam sjølv.
Boka tek lovande til med desse orda: «Lillebror er en av de største idiotene i landet vårt, selv om han er landsmann.» Med desse utsegnene er ein straks inne i handlinga, og i psyken til Adam. Han og veslebroren, Florian, lever med far, mor og veslesystera Antonia på ein jordbruksskule i Austerrike, nær grensa til Jugoslavia, ein gong på byrjinga av 1990-talet. Faren er ein forfattar som ikkje får til å skriva meir, difor er han no rektor på jordbruksskulen. Verda som Adam og Florian lever i, er ikkje stor, det er familien deira, grannefamilien Zotter, familien Pröll og nokre få andre, og så er det rykte om fæle røvarar i skogen, og endå fælare jugosar, som dei vert kalla.
Hierarki
Krigen er nær, om enn ikkje så trugande som Adam trur, men han meiner likevel at han er budd på det som skal komma. Han forstår, eller misforstår, verda hierarkisk, med kjende og ukjende instansar på kvar sin plass. Øvst står Kaiseren, og alle habsburgarar, men truleg først og fremst han far, som er den som pryler mest. Den som pryler nest mest, er Herr Zotter, deretter sønene hans, og til sist Adam sjølv, som pryler Florian. Adam har slike valdsfantasiar at lesaren er reddare for kva han kan finna på, enn for kva som kan skje med han, når han og Florian og andre ungar er for seg sjølve, utan tilsyn av vaksne.
Det konsekvente perspektivet er framifrå og kompromisslaust gjennomført i denne romanen. Adam formidlar naivt og usensurert både det han trur han ser, og det han tenkjer. Boka er eit kunstverk med ein nær på magisk funksjon: den snevre horisonten til avsendaren Adam utvidar forståinga til mottakaren. Lesaren får ein viktig posisjon i teksten, ved å fylla ut der Adam, utan å vita om det, kjem til kort, og det hender ofte. Med denne naiviteten i forteljarrøysta får ein sjå fenomena direkte, og ikkje via omgrep, noko som gjer at dei kjennest meir autentiske.
Absurd nasjonalisme
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.