Musikk
Alltid i rørsle
Bliss Quintet har jobba med forma.
Bliss Quintet har fire utgjevingar bak seg.
Foto: Sigrid Erdal
Bliss Quintet har bak seg ein overraskande stor produksjon. In Motion er den fjerde plata til kvintetten sidan dei skapte kritikarfurore med debutplata Daramaqueen i 2022. Eg høyrde dei i finalen i Jazzintro på Moldejazz i 2024, og alt då syntest eg å merka ei utvikling mot det som er meir reindyrka på In Motion – ei sterkare vektlegging av komposisjon, spenstige arrangement og samspel. Det hadde sjølvsagt med formatet å gjera. I Jazzintro spelar deltakarane ein halvtimes konsert.
Dei held fast på parolen om at alle skal med i låtskrivinga. Summen blir like fullt ein attkjenneleg Bliss-sound. Dei går frå rask og oppjaga «The Moose», skriven av Oscar Andreas Haug, til den høgtidsame balladen «Lille harmonik», signert Kronborg.
Slik varierer dei plata igjennom, og denne variasjonen saman med alle dei interessant vriane på arrangementa tilfører plata ein viktig attraksjon. Zakarias Meyer Øverlis «I Want to See It Through» er eit illustrerande døme.
På In Motion representerer komposisjonane, arrangementa og samspelet den mest positive utviklinga jamført med forgjengarane, men det betyr ikkje at det solistiske er sett i «skammekroken», på ingen måte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.