Film
Alltid Almodóvar
Pedro Almodóvar skildrar spanske traume slik berre han kan.
Pedro Almodóvar er oppteken av sterke fargar. Milena Smit og Penelope Cruz spelar hovudrollene.
Foto: Ymer Media
Fotografen Janis (Cruz) freistar finne restane av oldefaren, som i likskap med mange tusen andre blei avretta og kasta i ei umarkert massegrav i startgropa av diktaturet til Franco. Etter kjekke netter med ein rettsantropolog ligg ho på fødestova. Ho deler rom med tenåringen Ana (Smit), som ikkje gler seg til å bli åleinemor.
Båe nurka må til observasjon når dei er nyfødde. Ei stund etter fødslane seier venninna til Janis at ungen ser stadig meir «etnisk» ut. Skal tru kven som er mora?
Smerte og såpe
Almodóvar er Almodóvar. Han er god. Den spanske krumtappen slepp unna med mykje eg plar klaga på. Praten går ustanseleg. All informasjon og alle poeng blir sagt høgt. Alberto Iglesias smør på med strykarar. Manuset bognar av sprø vendingar eg veit kjem, à la såpeopera.
Den klare biletkvaliteten høyrer til same sjanger. Alt er melodramatisk. Alt er greitt. I aukande grad gjennom filmen overtyder den kastiljanske kolossen meg. Faste følgesveinar hjelper, med spesielt fint spel av Penélope Cruz og Rossy de Palma. Kombinasjonen av familieforviklingar frå samtida og den historiske spanske smerta sit som eit skot. På tampen kjem tårene.
Familiar i fargar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.