Teater
Alle skal i jorda
Enstad & trio tek oss med på ein fengjande tur på mørke vegar.
Ein musikalst aftan med Marika Enstad.
Foto: Øyvind Eide
Det kan fortone seg som ein isklår aktualitet no i dag, når vi har levd eit par månader i dommedagsliknande unnatakstilstand, at teateret tek publikum til seg att med ein slags songleg meditasjon om mørke, einsemd, angst og død. Men den intime teaterkonserten Marika Enstad no framfører, med tre musikarar, skulle faktisk hatt premiere i mars. Det heiter seg at livet imiterer kunsten, og stundom, ja, så er det vel rett og slett det det gjer.
Med songar, dei fleste på engelsk, og med lite tørrprat mellom låtane, er dette i utgangspunktet mest konsert, og det som her er av teaterregi, er så diskret og saumlaust gjort at vi eigentleg ikkje merkar det.
Marika Enstad har gjennom ein 25-årig karriere rørt seg fram og attende mellom klassisk institusjonsdramatikk og grenseutprøvande avantgardeteater, og ho har heile tida halde vokalisten i seg ved like. Utan å ende i korkje tradisjonell visesong eller glatt musikalsjanger har ho heile tida halde songaren og skodespelaren i seg i kontakt med kvarandre. Når ho denne gongen, rå og usentimental og med ein fengslande nyansert dynamikk, gjev versjonar av Leonard Cohen, Tom Waits, Edith Piaf, Johnny Cash, Elvis, Stefan Sundström, Anne Grete Preus og andre, er ho sjølvsagt og heile tida meir enn berre songar. Det er ein diskret sårheit under den kontrollerte yta som gjev ekstra djupn til både tonane og orda. Kontakten mellom Enstad og trioen – Peder Varkøy, Vidar Løvstad og Jon Rørmark – er som hand i hanske, og reint magisk er augneblinken der Enstads falsettone glir umerkeleg over i Rørmarks flageolettone på kontrabassen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.