Musikk

All makt til Patti

Tre gitargrep, to knytte nevar, og sanninga treffer endå hardare når ho vert boren av verdas yngste 78-åring.

Patti Smith treng berre røysta og knytte nevar for å overtyde nok ein generasjon om at ein må kjempe for fridomen.
Publisert

Ideen, sjølve eksistensgrunnlaget, til Patti Smith er at musikken skal løfte poesien. Som Leonard Cohen kjem ho altså frå lyrikken. Ho ville vise at poesi kunne nå ut til eit breitt publikum, så lenge ein formidla han over ukomplisert musikk.

Som ho skriv i boka Devotion: «Kvifor skriv me? For me kan ikkje berre leve.»

Så fann ho dei bokstaveleg talt enkle grepa som gjorde orda hennar sterkare, tydelegare, sannare. I ein gitar.

50-årsjubileum

Det er det ho feirar med turneen ho er på denne hausten, meir konkret at debutalbumet Horses har runda sitt femte tiår. («Me trudde det berre skulle leve i nokre veker», seier ho mot slutten av konserten). Eit album som musikalsk kviler på eit fundament av tre enkle akkordar, E-D-A. Det er dei tre akkordane som driv opninga, «Gloria», og det er dei som kjem tilbake i «Land». Og held saman Horses.

Smith såg og ser på hesten som eit symbol på kraft, fridom og instinkt, noko vilt og utamt, dampande av skaparkraft og seksuell energi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement