Aldri fan sin tull
«Fanitullen» – elska og hata, ei landeplage som publikums kjælebasse og felespelarens skrekk.
Einar Mjølsnes spelte «Fanitullen» på dette albumet til Christiania Fusel & Blaagress.
Alt tyder på at mottakinga av serien Trollstemt som går på NRK desse dagar, er god. Så er det å vone at effekten av serien blir til velsigning for folkemusikken.
Poesiens makt er ikkje å kimse av. Det viser seg på sitt sterkaste i denne serien. Eit dikt med heimelsmann ved ein eventyrsamlar og seinare biskop, Jørgen Moe, skrive på midten av 1800-talet, innleier programmet og er «for n-te gong» dramatisert.
Slåtten spela, med varsam grad av kraft og styrke, vart i si tid nemnd med «Lite Fan og mykje tull!». «Fanitullen», om nokon, måtte vere kraftig i uttrykket, med si karakteristiske felestemming. Det var drama knytt til musikken, slik det jamt kan vere i slåttespelet, uttrykt gjennom takt og rytme. Ein marinade av trusdogme er kjend ingrediens i slåttespelet: «Høyrer eg ’Nordafjellsen’ frå fela, spenner eg meg oppatt or grava!»
«Futt og klem»
Ikkje sjeldan så trer søtlåtne lagnadsbilete fram i musikken, men også blind hugtaking, ja, suicidale element som utspinn seg i ytste konsekvens. I Setesdal er dette i slåttemusikken alltid tolka med «futt og klem». Bodskapen kom betre fram med sterk takt og rytme, meinte dei gamle.
Dette «rusa» lydarane, som lettare slik fann musikken si djupaste sanning. Infisert med liding, smerte. På same vis har blues og rock hermed sin samnemnar. Skildra i soga om Vesle-Kari Rud, ho som dansa seg i hel etter felespelet til sjølvaste djevelen, fortalt om av Hellbillies-artisten Arne Moslåtten i programmet.
Utgangspunktet for programmet er altså eit nærare 200 år gamalt dikt skrive av eine parten av radarparet Asbjørnsen og Moe, forfattarane av Norske folkeeventyr.
Bakgrunnen for diktet er ei segn om eit drap i ein fjelldal, der forteljinga truleg byggjer på utsegner frå tidsvitne som fortel om sinnstilstanden delirium tremens. Dette på grunn av overdriven omgang med alkohol og aktivitetar som musikk, dans, men også karstykke med tidvis dødeleg utgang.
Diktet fortel om beltespenning, der karane samanspente kjempa rygg mot rygg, som av og til gav dødeleg utfall. Kvinnene, derimot, tok sine forholdsreglar og hadde med seg likskjorte, i tilfelle dei fekk bruk for ei til den drepne husbonden sin lekam, om så ille hende.
Ekstatisk dans eller spel er ikkje nemnde i diktet, utanom visjonen av ein «djevel» på øltønna, spelande med omvendt felegrep, som trampa mot tønna med hestehoven sin. Dette er ulikt andre forteljingar om ekstasespel eller -dans, der menneska er røynlege og fela «berrsynleg», men liggjande med avskorne strenger, spelande på bordet.
For å føre til torgs eit konsentrat av folkekulturen frå Fjell-Noreg gjer skaparen av fanitulldiktet, Jørgen Moe, eit velkjent grep med å byggje saman fleire soger om kva han høyrer på folkemunne. Mindre viktig tykkjest både det kronologiske og geografiske vere. Dermed får me ein ekstrakt der folkeliv, valdsbruk, religiøse førestillingar og forteljekunst, krydra med ei «psykiatrisk epikrise», vert dikta i hop som eitt og same hende.
Diktet «Fanitullen» har ei imponerande livskraft i seg, men varsamt sanningsinnhald, og i slåtten «Fanitullen» er demonar og spøkeri utestengde. Her er heller ingen transe eller ekstase.
I diktet «Fanitullen» som skildrar beltespenning og «syner» i kjellaren som spelemannen får, les me at musikken vert eksemplifisert: Han lydde som stålsett bile (stor lafteøks) og som neveslag i bord, heiter det. Så kjem ei åtvaring: Men om dei storfelte tonar igjen lyder ved fest og fyll, så vil karane sin aggresjon igjen vekkjast til udåd.
Slik aggressiv musikk høyrer me om brukt både i eigne så vel som framande kulturkrinsar. Dei skotske høglandskarane sine sekkepipekorps vart sette langt framme i stormtroppane ved landgangen i Normandie 6. juni 1944, under D-dagen.
Dette demonstrerte Sigbjørn Bernhoft Osa ved eit opptrinn med musikktypen ril, og korleis spelemannen måtte plastre sekken, slik at pipene fekk nok luft når kulene hadde gjennombora sekkepipa i striden. Anna døme er frå Austen, kalla Harrira, der ein nemnd konge med strengeinstrumentet zaz i eine handa og eit sverd smidd av ein meteoritt i andre kjempar seg til siger i fremste kampline. Stridstranse er eit kjent omgrep.
Det skal meir til enn eit Ragnarok for å velte folkemusikken over ende, var vel orda Sigbjørn Bernhoft Osa valde seg i høve tilnærminga til rockebandet Saft frå Bergen. I den grad desse orda står til truande for hans eiga oppleving av tilhøvet under Ragnarockfestivalen i Holmenkollen i 1973, så ber setninga også i seg ei varsemd mot overtolking av hendinga mot noko revolusjonerande.
Osa spelte ikkje «Fanitullen» med Saft i Holmenkollen i 1973, men «Rull» etter Ola Mosafinn.
«Fanitullen» i 1972
Einar Mjølsnes, derimot, med Fanitullen som singelplate alt i 1972 saman med Christiania Fusel & Blågress, eit osloband med blant andre Øystein Sunde, er det nokre som forvekslar med førnemnde Ragnarok
Fela til Mjølsnes var trollstemd, og «låten» vart ei «landeplage» som gjekk i svært mange sinn, slik folk mintest han på dette felestillet med si trolldoms og «fortryllande», klangfulle kraft.
Programserien nemner slåtten med Odd Bakkerud som «opphavsmann», som då Tono-melde musikkverket og vart til kjenningsmelodi til den populære Norsktoppen, musikkprogrammet til Vidar Lønn-Arnesen, gåande i ei årrekkje. Omframt det så kjenner ikkje eg til eit betre døme på fusjon mellom eit rockeband og ein hardingfelespelar med ein tradisjonell slått.
Hallvard T. Bjørgum
Hallvard T. Bjørgum er statsstipendiat og spelemann.
Fanitullen
I hine hårde dage med øldrikk og svir,
hallingdølens knivblad satt løst i hans slir,
da kvinnene til gilde bar likskjorten med
hvori de kunne legge sin husbonde ned.
Stod der et blodig bryllup i Hemsedal ensteds,
hvor lek og dans var tystnet og karene slo krets.
Ti midt på gulvets tilje i den mannslagne ring
stod to med dragne knive og et belte spent ikring.
Og som utskårne støtter i hvilende ro
står ennu fire karer i kretsen om de to
De løfter tyrilysen mot det sorte bjelketak,
hvor røkens hvirvler samles til et rugende lag.
Forgjeves tvenne kvinner med hyl trenger frem,
å bryte det faste gjerde der er stillet foran dem.
De kastes vredt tilbake av de muskelsterke menn, –
og spillemannen rolig går til kjellertrappen hen.
Nu skal han ned å tappe; ti den seirende mann,
kan saktens vel behøve å kysse bollens rand.
I beltespenning nappes de kun med blodets tap;
så må vel åren fylles fra tønnetutens tap.
Men da han stod i kjeller’n han så i et blålig skinn
’en sitte der på tønnen og stemme felen sin.
Og karen holdt den omvendt, tett opp til brystet klemt,
og gav seg til å stryke så snart han hadde stemt.
Det var et spill som dugde, det klang som vred manns ord,
som hugg av stålstemt bile og som veneslag i bord.
Det jublet og det hulket i den skumle kjellerhall
da slåttens toner endte med et rungende mannefall.
Taus spillemannen lyttet til de mektige løp;
det var som spillets vivler nedad ryggen på ham krøp.
Så spurte han denannen
Hvor lærte du den slått:
Nu mannen ned seg lutet og etter tappen tok –
da så han hestehoven som takt mot tønna slo.
Han glemte rent å tappe, han sprang i stuen opp –
der løftet de fra gulvet den falne mannekropp.
Fanitullen kalles ennå denne ville slått,
og dølene den spiller, og spiller den godt.
Men lyder de grumme toner under øldrikk og svir,
da løsner atter kniven i hallingdølens slir.
Jørgen Moe
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Diktet fortel om beltespenning, der karane samanspente kjempa rygg mot rygg, som av og til gav dødeleg utfall.
Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.