Musikk

Akustisk univers

Marius Klovning syner sitt alter ego.

Marius Klovning har bakgrunn frå jazz, men tek òg ein svingom innom folkemusikk og viser.
Marius Klovning har bakgrunn frå jazz, men tek òg ein svingom innom folkemusikk og viser.
Publisert

Ikkje før hadde Marius Klovning som ein del av bandet Flukten debutert med Velkommen håp, så er han aktuell med soloplate. Late Nights, Early Mornings er ein oppfølgjar til Hagebyen, som kom for to år sidan.

Enkelt og lyrisk

Både komposisjonane og gitarspelet til Klovning i Flukten, Skadedyr og Hullyboo har attkjennelege særdrag. I Bogue Chitto (m/ Mattis Kleppen og Are Rosseland) er påverknaden frå norsk og vestafrikansk folkemusikk tydlegare, men i soloprosjektet møter ein ein heilt annan estetikk.

Dei skakke vriane både rytmisk og harmonisk er fråverande. Vekke er også den ironiske humoren. Det er noko enkelt, lyrisk over musikken. Ein merkar inspirasjon frå norsk folkemusikk i låtar som «Grandfather’s Waltz» og «The House» og countrymusikken i «Late Nights» og «Early Mornings», men framfor alt er musikken ei hylling til den akustiske gitaren.

Gitararsenal

Arsenalet av gitarar som Klovning brukar, er sett saman av ein Strand OM, Gibson J-45, Gretsch Dobro, ein variant av Martin OM og ein gamal nylonstrengar som blei berga frå ein vanlagnad på ei familiehytte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement