Teater
ABC for dårleg naboskap
Der går grensen! er ein frisk komedie med adresse til oss alle.
Naboane Håkon Moe og Ane Skumsvoll møter utfordringar.
Foto: DNS
Med utgangspunkt i eigne haldningar og slike ho har møtt hos andre, har skodespelar Ane Skumsvoll kokt i hop ein komedie om nabokrangel som har kvalitetar i seg til å bli ein klassikar. Ikkje berre tek ho oss gjennom katalogen av alt dette som kan irritere hos naboen, eller medreisande på buss og bane; ho leverer også strategiar for korleis ein skal møte det. Eller kanskje korleis ein ikkje skal møte det.
Teksten er ei salig blanding av element frå ei rad ulike sjangrar som i utgangspunktet ikkje skulle gå godt saman, men som i denne humørfylte, overskotsprega framsyninga går saman i ein spenstig einskap. Her er spranget frå ordinær komedie til dokumentar kort, og mellom dette ligg kanskje allsong eller andre former for interaktivitet, endåtil teaterdugnad.
Framsyninga tek oss i fleire retningar, og noko av det gode er at du aldri kan kjenne deg trygg på at du veit kor ferda går. I sentrum står ei meir enn velopplagt Ane Skumsvoll, som speler på alt ho har av komiske eigenskapar. Men det skal to til for å skape nabokrangel, og i sin musikalske skodespelarkollega Håkon Moe har ho den perfekte (og passe irriterande) motparten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.