Bok

Å tape alt

Ein treng ikkje vere fotballfrelst for å like denne romanen, men det hjelper.

Thomas Marco Blatt har skrive både romanar, dikt og bøker for barn og unge sidan debuten i 2006.
Thomas Marco Blatt har skrive både romanar, dikt og bøker for barn og unge sidan debuten i 2006.Thomas Marco Blatt har skrive både romanar, dikt og bøker for barn og unge sidan debuten i 2006.
Publisert

Roman

For nokre år sidan reiste eg saman med son min og eit barnebarn til Sheffield for å sjå favorittlaget Sheffield Wednesday (ikkje mitt!) mot Aston Villa på Hillsborough. På veg inn til stadion stansa vi framfor minnesmerket over det som har gått inn i historia som Hillsborough-tragedien: I semifinalen i FA-cupen mellom Nottingham Forest og Liverpool 15. april 1989 mista vaktstyrken og politiet kontrollen over folkemassane, og i panikken som oppstod, omkom 97 menneske.

Når eg nemner dette, er det fordi Vi kom fra Liverpool sluttar på Hillsborough denne dagen. Men før vi kjem dit, følgjer vi familien O’Brien nokre veker heime i Liverpool gjennom ulike forteljarstemmer: Joe på 17, søstera Emma på 19 og onkelen Dave som triksar og fiksar fire billettar til Hillsborough.

Familien høyrer til den fattige arbeidarklassa, og når faren Fred døyr av hjarteinfarkt, blir framtida usikker: Korleis betale rekningane utan faste inntekter, korleis realisere draumen om eit betre liv i London eller som proffspelar på Liverpool, korleis komme seg unna det kriminelle miljøet i nabolaget?

Thomas Marco Blatt skildrar på truverdig vis og med slåande eksempel korleis livet i Liverpool kunne vere i 1989. Han nemner ikkje The Beatles, og fotballaget Liverpool er berre ein fjern draum. I staden skriv han realistisk og heilt nedpå det daglegdagse i ein sliten og rusten bydel med eit fotballag i 4. divisjon, med konkursar og arbeidsløyse, med skrot og plast, søle, brakkvatn og kanalar fylte av søppel, eit myrområde med ein bunker frå krigen, nedgrodd av mose og fylt med vatn. Og i kanalane og i myrvatnet lever ekle, sleipe ålar som ein gjerne kan lese noko symbolsk i, for onkel Dave har til og med tatovert ein ål på ryggen.

Midt oppi dette lever familien O’Brien med si sjølvforståing, sin sentimentalitet og sin hardbarka måte å takle kvardagen på. Joe og Emma vil opp og fram, men «hva må skje for at folk som oss skal bli huska»? Joe drøymer om at ein talentspeidar frå Liverpool skal tilby prøvespel, Emma drøymer om å komme seg til London og finne ut av seg sjølv, men samtidig er dei vikla inn i ein spindelvev av folk og relasjonar som har andre forventningar og lågare ambisjonar enn dei sjølv har. Alle passar på kvarandre på godt og vondt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement