Musikk

Å stå åleine i rommet

Dry Cleaning gjer det ikkje lett for lyttaren. Men gir mykje tilbake til dei som ikkje gir seg.

Dry Cleaning er framleis ikkje ferdige med puslespelet frå pandemien.
Publisert Sist oppdatert

Kva kjem først av musikk og tekst? Det er eit høna eller hanen-spørsmål journalistar litt for ofte finn fram når dei skal snakke med låtskrivarar.

Svaret er sjølvsagt ikkje einsidig. For Leonard Cohen kom teksta ofte først. «Suzanne» starta som diktet «Suzanne Takes You Down» før det fekk melodi. Cohen meinte songane først og fremst var ein stad der poesien kunne få ein annan klang og ei anna rørsle enn på ei bokside.

Dei som har høyrt demoar av U2, veit at prosessen deira som oftast inneber at Bono syng noko helsikes babbel medan resten av bandet rotar rundt i eit inferno av riff. Enkelte vil seie at dette skil seg lite frå det bandet faktisk gir ut som ferdig musikk.

Dry Cleaning er eit døme på at desse kreative prosessane kan eksistere uavhengig av kvarandre, og at det ikkje er så viktig kva som kjem fyrst. For kvar sluttar dei snirklete gitarmelodiane, og kvar byrjar tekstene til vokalist Florence Shaw?

Låtane deira er i alle fall blant dei meir snåle, hjernevridande tinga ein kan høyre i popmusikk for tida. Gitaren til Tom Dowse spelar lett psykedeliske melodi­linjer ein skulle ønskje ein hadde komme opp med sjølv. Shaw har ein tørr, nonchalant og nærast arrogant, maskinell klang over den fascinerande meditative røysta.

Ho syng ikkje. Ho les og resiterer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement