Kunst
Å smykke seg med kunst
Tone Vigeland (f. 1938) er ei av verdas fremste nolevande smykkekunstnarar. Du finn arbeida hennar i samlingar verda over.
Øyresmykket «Slynge», sølv, 1957. Utført ved PLUS i Fredrikstad.
Det flyt tjukt kunstnarblod gjennom årene hennar. Faren Per Vigeland og farfaren Emmanuel var målarar, medan sjølvaste Gustav Vigeland, kjend for Frognerparken, var grandonkelen hennar. Internasjonalt sett overstig Tone Vigeland dei alle.
Nordenfjeldske Kunst-industrimuseum fyller 125 år og startar jubileumsåret med ei storslagen mønstring av kunsten hennar. Utstillinga er laga i samarbeid med Die Neue Sammlung ved Pinakothek der Moderne i München. Utstillinga vart vist i München våren 2017. I Trondheim er utstillinga utvida med ytterlegare arbeid frå eiga samling, i tillegg til ein heilt ny installasjon som vart ferdig berre dagar før utstillinga opna.
Tidleg suksess
Vigeland fekk tidleg suksess. Berre 17 år gamal utforma ho øyresmykket «Slynge», som vert festa til øyret utan skruar. Smykket vart vist fram på elevutstillinga ved Oslo yrkesskoles gullsmedlinje, og fleire dører opna seg i rask rekkefølge. Tidleg suksess er ein farleg ting, det er lett å hamne i eit spor og stivne. Slik er det ikkje med Tone Vigeland. Då som no – ho går heile tida vidare. Gjerne med radikale brot, det dukkar stadig opp nyvinningar som slår an internasjonalt. No er ho 80 år, men framleis like kompromisslaus på kvaliteten. Den retrospektive utstillinga viser ei kunstnarleg utvikling som er sjeldan å sjå.
Ein eigen venleik
Museet har laga ei rein og sober utstilling. Kvar monter er svært godt lyssett, noko som er heilt avgjerande for opplevinga av form og fargespel. Smykka er sirleg danderte, dei små detaljane i smykka er rydda på plass med pinsett for å framheve det stramme, reine uttrykket som er så sentralt i kunsten til Vigeland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.