Film

Å leva sitt liv

Ein konvensjonell dokumentarfilm tek eit fint avskil med Petter Vennerød.

Petter Vennerød og Svend Wam på ei filminnspeling, der Wenche Foss var blant skode­spelarane.
Petter Vennerød og Svend Wam på ei filminnspeling, der Wenche Foss var blant skode­spelarane.
Publisert

Då Svend Wam døydde, og Petter Vennerød fekk diagnosen atypisk Parkinsons sjukdom, ville Vennerød lage ein siste film saman med kona. Enka Karianne Førland Vennerød og medregissør Olaug Spissøy Kyvik har no gjort ferdig dokumentarfilmen som skildrar karrieren og sjukdomen til den kjende, kjære og utskjelte filmskaparen som i ei rekkje tiår prega norsk film.

Pop polarisering

Filmskaparduoen Wam og Vennerød var vilt produktive frå 1976 til 1995, med 14 spelefilmar. Dei stod for sosialrealisme med politisk brodd og var populære hjå publikum. Den siste filmen går inn på det motstridande forholdet til media og kritikarstanden. Som avisklippa i filmen tydeleg viser, var dommen tidvis brutal. Dei splitta folk.

Vennerød poengterer at dei stod eit stykke frå norsk tradisjon og hausta inspirasjon frå italiensk film. På sine eldre dagar såg han ingen stilistiske norske arvingar, men intervjua speglar ein glad kar. Å lage film er det kjekkaste som finst, seier han. Han fekk leve det gode livet. Sjølv om han òg slår fast at film er best på kino, er ikkje denne dokumentaren av typen som gjer mest ut av det estetiske potensialet i kinofilm.

Vi får mange artige klipp frå filmar med folk som Wenche Foss, og fjernsynsinnslag med Pål Bang-Hansen. Frå Lasse og Geir i 1976 til Sebastian i 1995 var Wam og Vennerød i rampeljoset. Sitat som «snurp igjen smella di, du maser som et lokomotiv» er kjende for dei fleste nordmenn. Folk har sett så mange klipp frå filmane deira at ein kan slite med å skilje kva filmar ein faktisk har sett og ikkje.

Sår ære

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement