Musikk
Å gje naturen ei stemme
Benedicte Maurseth står att med berre det som er naudsynt.
Benedicte Maurseth tematiserer trugsmålet som menneske representerer for villreinen på Hardangervidda.
Foto: Agnete Brun
Mirra er ei vidareføring av den kritikarroste plata Hárr (2022), både musikalsk og med økosofien som ligg i botnen. Medan Hárr delvis hadde eit tilbakeskodande perspektiv, tematiserer Benedicte Maurseth med Mirra det akutte trugsmålet menneskeleg aktivitet representerer for villreinen på Hardangervidda.
Mirra er eit dialektuttrykk for sirkelrørslene til reinflokkane, som har som formål både å verna dyra mot rovdyr og at dei held varmen.
Musikalsk er Mirra eit minimalistisk meisterverk. Tittelkuttet og «Sommarbeite» er inspirert av amerikansk minimalisme, mellom anna Terry Reilly eller noko av det ein finn på Miles Davis-plata Big Fun (1974), men hardingfela går som ein klangleg blå tråd gjennom heile produksjonen og set eit Maursethsk bumerke på produksjonen.
Bruken av feltopptak, spesielt av reinen, understrekar tematikken. I den dynamiske «Dagar med vind» skapar Maurseth, Mats Eilertsen og Håkon Mørch Stene ei dramatisk forteljing som går over i den idylliske gitar og fele-duetten «Kalven reiser seg».
På «Nysnø over reinlav» spelar Qvenild eit særmerkt pianokor før heile dyrehagen av truga dyreartar får sleppa til, mellom andre snøugle, fjellrev, jerv og heilo.
Plata tonar ut med den meditative, men dramatiske «Simleflokk under månen».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.