JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Å gå glipp av opplevingar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«My Bed», 1998, detalj, Tracey Emin.

«My Bed», 1998, detalj, Tracey Emin.

«My Bed», 1998, detalj, Tracey Emin.

«My Bed», 1998, detalj, Tracey Emin.

2071
20191129
2071
20191129

Når det ein sjeldan gong handlar om kunst på NRK, plar eg sjå det. Faktaserien Folkeopplysningen tek mål av seg til å granske kor lett vi lèt oss påverke, og i førre veke handla det om kven som bestemmer kva som er kunst.

Eit interessant tema, men programmet mista meg etter nokre få minutt.

Programleiaren opnar på underleg vis med å gå ut på gata med ein plakat med fire bilete – av ein bokstabel, ei seng, skitne asjettar og nokre knoklar – så skal tilfeldige forbipasserande gjette kva for eitt som er kunst. Då vart eg flau over statskanalen vår.

Idébasert kunst treng kontekst. Ein treng kjenne samanhengen verket er sett inn i, for å få noko utbytte av det. Dersom ein ikkje har fått med seg eit så grunnleggjande faktum, har ein gått glipp av store kunstopplevingar gjennom livet.

Kunstverket «My Bed» var av britiske Tracey Emin, ein av dei mest vidgjetne kunstnarane våre. Ho har markert seg på mange vis, mellom anna som ein av dei første kvinnelege professorane ved det ærverdige Royal Academy i London. Vi får snart sjå meir til henne. Til sommaren set ho opp ein ni meter høg skulptur ved det nye Munchmuseet og vert også første utstillar der.

Det vart mykje furore då «My Bed» vart stilt ut ved Sagacho Exhibition Space i Tokyo i 1998. Installasjonen er rett og slett hennar eiga, gjennomherja seng. Her låg ho djupt fortvilt i fleire dagar etter at kjærasten hadde gjort det slutt. Senga er slett ikkje noko pent syn: Sengekleda er skitne, undertøyet har mensblod, her er tomme spritflasker og anna rask. Til saman gir installasjonen eit bilete av stor kjærleikssorg.

Her bryt Emin med forventingane ein har til kvinner: Sjølv i den djupaste krisa skal dei vere velpleidde. Om ikkje må det løynast. Reaksjonane viste at grensene framleis er snevre.

I 1998 vart «My Bed» stilt ut ved Tate Gallery i London og nominert til den høgthengande Turnerprisen.

Det er eit tankekors at det knapt er program om kunst på TV. Kvifor det? Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det er fleire som går på museum enn på fotballkamp.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis