JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Å fylle 90 med eit brak

Onsdag fylte målaren, teiknaren og grafikaren Håkon Bleken 90 år. Trønderen har vore ein av våre fremste gjennom fleire tiår, og han er framleis imponerande sprek i bileta sine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bleken skildrar korleis ordførar Ottervik styrer utan tanke på kva dei som har valt henne, måtte meine, utan tanke på kva som er klokt og rett. Såleis trengst korkje auge eller øyre.

Foto: Trond A. Isaksen / Galleri Brandstrup

3359
20190111
3359
20190111

Bleken har også ein god penn, også bokstaveleg tala, han er ein av få som får lov til å sende Adresseavisen handskrivne artiklar. I desse tekstane flekker han tenner mot dei han meiner skadar heimbyen Trondheim. Ordførar Rita Ottervik har mang ein gong blitt fillerista i desse innlegga. Det er interessant å merke seg at kritikken ikkje har fått særleg merksemd i tekstform. Så vi kan heller seie at det er penselen som er mektigare enn pennen i dette tilfellet.

Ordføraren Ottervik

Bleken har servert oss to blodferske måleri av Ottervik med den tunge ordførarkjeda om halsen. Det er såleis ordføraren og ikkje personen Ottervik som er portrettert. Verket kunne stått som eit universelt symbol for at makt korrumperer. Alt av menneskelege trekk er brent vekk, og det dyriske har fått frie taumar. Andletet er eit digert blodraudt glis med kvasse tenner. Bleken skildrar korleis ordføraren styrer utan tanke på kva dei som har valt henne, måtte meine, utan tanke på kva som er klokt og rett. Såleis trengst korkje auge eller øyre.

Penselstroka er raske og heftige og er med på å understreke engasjementet til kunstnaren. Verka har mange referansar til samtidskunst, det er noko leikent over måten han sankar inspirasjon frå fleire hald, det evig ungdommelege i han møter tyngda og erfaringa til nittiåringen.

Særleg tydeleg er inspirasjonen frå paveportretta til den britiske målaren Francis Bacon (1909–92). Men medan Bacon skildrar korleis sjela lidande og skrikande er fanga i ein menneskekropp, er det lite smerte å finne i versjonane til Bleken. Dei legg i staden vekt på å skildre Ottervik som frydar seg på primitivt og grådig vis over prosjekta ho har trumfa igjennom. Dei er slett ikkje utan humoristisk kvalitet, desse arbeida.

Monsterhallen

Biletet der Ottervik er omhylla av ei djupt raud kappe, er det mest interessante. Her held ho den såkalla Monsterhallen, den svært omdiskuterte storbyhallen som er i ferd med å reise seg i Trondheim. Hallen vert bygd på eit område som eigentleg er regulert til park, så det har vore ein stor og langvarig kamp for å stoppe prosjektet. Måten Ottervik står på, har på harselerande vis likskapar med ein type helgenbilete i mellomalderen. I Vestfronten av Nidarosdomen, som ligg like ved monsterhallen, står ein slik skulptur. Figuren viser Kong Salomo, i hendene har han tempelet han reiste i Jerusalem. Salomo var særs vis, kongar og dronningar kom frå heile verda for å rådføre seg med han. Kontrasten mellom kongen og ordføraren vert ein spydig kommentar til måten ho forvaltar mandatet sitt på.

Portretta er svært så frekke. Samstundes er det heller ikkje til å kome forbi at måleria er litt flatterande. Ottervik er ganske smal og smekker i biletet med raud kappe. Det likte ho kanskje, likesom Sylvi Listhaug sikkert heller ikkje grein over korleis ho var forma, der ho hang naken på krossen i Bergen. Og ho osar av makt, noko som heller ikkje er det dummaste å bli assosiert med. Såleis er dette slett ikkje reine nidbilete. Det kan vere nett denne balansen som gjer at det ikkje berre er ei ytring, men også god kunst.

Eva Furseth

Eva Furseth er kunsthistorikar og fast kunstmeldar i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis