Bok
Å forsvinne utan å forsvinne
Maria Stepanova skriv tankevekkande om eksilets limbo.
Maria Stepanova er poet, essayist, journalist og sjefredaktør for den uavhengige nettavisa Colta.ru.
Foto: Ekko von Schwichow
Den russiske menneskerettsorganisasjonen Memorial var lenge ein torn i auget for Putin og maktapparatet rundt han, og det gjekk som det måtte: Organisasjonen blei i 2019 stempla som utanlandsk agent, og eit omfattande digitalt arkiv over offera for Stalins terror blei stengt ned samtidig som leiaren Jurij Dmitrijev blei dømd til 13 års fengsel.
Arbeidet til Memorial passa ikkje inn i Putins offisielle forståing av russisk historie, og derfor gjekk han laus på det kollektive minnet om Stalin-tida ved å forby det. Memorial delte Nobels fredspris i 2022 med Senteret for sivile rettar og Aljes Bjaljatski frå Belarus. Bjaljatski sonar i dag ein lang fengselsdom.
I eksil
Når eg innleiingsvis nemner dette, er det fordi den russisk-jødiske forfattaren Maria Stepanova (f. 1972) slo igjennom internasjonalt med den biografiske romanen Til minne om minnet (2017, på norsk 2022), der ho mellom anna prøver å spore sin eigen familie under den store terroren på 1930-talet i opposisjon til den offisielle historia. Sjølv om ho fekk ros og prisar i heimlandet, valde ho å dra i eksil etter Russlands overfall på Ukraina i februar 2022. Ho bur i dag i Berlin.
Forsvinningsnummer handlar i korte trekk om den kvinnelege forfattaren M(aria) som lever i eksil i byen B(erlin). Ho er invitert til ein litteraturfestival i nabolandet og reiser med tog fram til grensebyen F(lensburg), men kjem seg ikkje vidare på grunn av jernbanestreik og innstilte tog i nabolandet. Ho blir verande i F eit par dagar og treffer på to russisk-jødiske sirkusartistar som treng ein stand-in til eit klassisk nummer der ei kvinne blir saga i to.
Symbolikken i dette er openberr: I eksil er ho delt i to ved at ho mistar det sosiale nettverket ho hadde, morsmålet og kontrollen over sin eigen biografi, og om ho nokon gong kan vende tilbake, «så er det med stor sannsynlighet ikke noe hjem der lenger, bare et tomrom».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.