Bok

Å flire litt av klima

Gode dystopiar er viktige, men Bjørn Vatne viser at dei fint kan vere varme òg.

Bjørn Vatne har skrive to romanar.
Bjørn Vatne har skrive to romanar.
Publisert

Sjå føre deg at alle rundt deg mistar eigen vilje. Befolkninga blir som robotar som arbeider for makta. Ikkje ein gong personen du elskar høgst, er til å kjenne igjen. Du er heilt åleine, og det er berre éin ting å gjere: Kjemp til det ikkje går meir!

Allvitande duppeditt

Paul og Astrid Abel bur i Ålesund, året er omtrent 2050. Mykje har skjedd dei siste 30 åra, særleg innan teknologi og miljø. Plutseleg ein dag tar det kommunistiske miljøpartiet Pan-etisk forbund over landet. Det får dei til via sjalken, ei norsk oppfinning som er som ei datamaskin som er sprøyta inn i hjernen. Alle blir bokstaveleg tala hjernevaska, med unntak av ein marginal minoritet. Blant desse personane finn vi Paul Abel.

Det er mange dystopiar i bokhyllene for tida, fleire av dei er norske. Det florerer jo dessverre av faresignal som forfattarar tar på alvor.

Bjørn Vatne skriv derimot ikkje berre ein viktig roman. For meg er boka like mykje eit imponerande kreativt verk. Forfattaren har laga seg eit eige samfunn med mange teknologiske nyvinningar med kløktige vitskapelege namn og forklaringar. Eit døme er medisinen som no er «nanomedisinske roboter i kapsel». Moro er òg historiegjennomgangane der vi får vite kva som har skjedd mellom vår og Abels notid, til dømes innan diktarkunsten: «De utpenslet helst sin fascinasjon for dvergstorknebb i langdikt, i kåt visshet om at den mest grasiøse pennesvingeren blant dem ville få ligge med flest unge beilere.» Eit skarp blikk på klasse har dei òg, Paul Abel og Bjørn Vatne: «Det skadet heller ikke at han var uvanlig vakker, med et utseende som for en spaltist i Morgenbladet sendte tankene i retning av den franske skuespilleren Pierre Clementi». Desse syrlege og presise referansane til norsk samtid minner meg om Lotta Elstad, men dei er ikkje like dominerande her som hos henne; Vatne vil ha oss gjennom meir enn satire.

Overskot

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement