Teater

Å finne seg sjølv i fantasien

Alice i Vidunderland er spektakulært og musikalsk fengjande, men litt for vakse for (oss) born.

I konfirmasjon frå venstre: Tore Sandbakken, Anne Guri Tvedt, Henriette Marø, Gisken Armand, Henrik Rafaelsen, Hallvard Holmen, Marika Enstad, Henrik Horge, Nicolai Rosli, Henning Holm-Glad og Emilie Bondy. Fremst Kjersti Tveterås, som spelar Alice.
I konfirmasjon frå venstre: Tore Sandbakken, Anne Guri Tvedt, Henriette Marø, Gisken Armand, Henrik Rafaelsen, Hallvard Holmen, Marika Enstad, Henrik Horge, Nicolai Rosli, Henning Holm-Glad og Emilie Bondy. Fremst Kjersti Tveterås, som spelar Alice.
Publisert

Alice in Wonderland er ei av dei underlegaste og sjangermessig mest uregjerlege barneforteljingane i verdslitteraturen. I dag vil nok mange kalle denne klassikaren for ei av fantasylitteraturens jordmødrer. Sjølv må eg vedgå at eg aldri heilt ut har skjøna korkje handlinga eller moralen i historia, sjølv ikkje i Walt Disneys relativt lettfattelege teikneversjon.

Men det er kan hende ikkje naudsynt. I den versjonen som no går på Nationaltheatret, signert den kreative kunstnarduoen Bones og Havdal, får vi i alle høve plassert trongen den unge Alice har til å finne seg sjølv, i grenselandet mellom draum og røynd. Ho er her ein usikker tenåring som ber på både ei sorg og ei framandkjensle overfor vaksenverda. Framsyninga er festleg og påkosta med storstilt scenografi og flotte, fantasifulle kostyme, og mange gøyale skodespelarprestasjonar. Likevel er det nok mest dei vaksne som ler, og det som skal vere bodskapen i stykket, går nok meir inn hjå foreldre enn hjå born.

Krasjlanding

Starten på stykket er ein konfirmasjonsmiddag, nærast ein satirisk sketsj om den kommunikative krasjlandinga mellom vaksne og tenåringar. Her kan nok mange familiefolk kome i stuss, for dette verkar ikkje som barneteater i det heile. Men så går vi over i draumeflukta til Alice. Ho stig inn i eit land der menneskelege eigenskapar er fest til dyr og fantasifigurar som kan snakke. Mykje vaksenhumor er det nok her òg, men i dette universet kan Alice kommunisere på ordentleg, og både gjennom leik og farar, gjennom vennskap og trugande fiendskap anar vi kvar erkjenningsreisa til Alice skal ende.

Her er det figurar som både morar og rører oss, ikkje minst den smilande Filurkatten (Henriette Marø), Kålormen som blir sommarfugl (Anne Guri Tvedt), Harry Harefrøken (Hallvard Holmen), Musa (Gisken Armand) og Hjerterdronninga (Anneke von der Lippe). Vi skal heller ikkje gløyme den travle kvite kaninen (Herman Bernhoft). Midt i det heile er Kjersti Tveterås ei både audmjukt utforskande og rank, uredd Alice.

Fragmentarisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement