Musikk
Å alltid vente det uventa
Valkyrien Allstars fangar seg sjølv i eit lydleg tidsparadoks.
Valkyrien Allstars ventar på at nokon, til dømes fotografen, skal verte ferdig. Frå venstre: Tuva Syvertsen, Martin Langlie, Erik Sollid og Magnus Larsen.
Foto: Eirik Havnes
Heilt mot slutten av nest siste låt, «Er du ensom har du meg» (nei, det manglar ikkje eit komma), skjer det. Valkyrien Allstars parafraserer Olav H. Hauge. «…at det som før var stengt skal åpne seg.»
Slikt er jo ikkje greitt. Under tvil kan det vere lov å sitere «Det er den draumen» – viss ein verkeleg er i ein lyrisk krisesituasjon. Men både det forslitne diktet, og attpåtil på austlandsk?
Valkyrien Allstars har heilt sidan dei dukka opp på «Kjempesjansen» på NRK i 2006, meir enn gjerne rota i både eige uttrykk, orda til andre og eigen sjanger. Altså folkemusikken, med hardingfele og stev, slik som ein helst ikkje skal tulle med.
Hitten dei ikkje lenger spelar live, «Å gjev du batt meg» (2007), har tekst frå Garborgs Haugtussa. På albumet To måner dukkar mellom andre Henrik Ibsen opp. «Det er ingen hverdag mer» er ei tonesett tolking av krigsdiktet til Gunvor Hofmo, men også resten av Ingen hverdag har tekst av norske lyrikarar, og nokre tekster av vokalist og felespelar Tuva Livsdatter Syvertsen.
God åleine
Syvertsen vart nummer to i den fyrste sesongen av «Stjernekamp» med ei minneverdig levering av Eminems «Lose Yourself». Seinare vrei ho krigssmerta til Metallica, «One», for svenske Polar Music Prize, til ei kjenslevar tolking sjølv dei tyngste Metallica-entusiastane gjev applaus.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.