9. februar 1964

Publisert

Sit og lyder på hopparane i Innsbruck. Engan drygde litt for vindkula – og hoppa skralt. Han fekk no gullmedalje likevel.

Meir um Bustader av Aslaug Vaa. Ho er filosofisk skulert, denne kvinna. Noko heilt originalt kjem ho ikkje med, ho kan vel nærast kallast panteist. Ho talar um Den mektige, det vil vel segja Gud; han arbeider gjennom oss, i oss og i alt stoff og er eitt med det, arbeider på si eigi og vår fullkome, som ho segjer.

Dette er ingen ny tanke. Her bryt ho med vanleg vitskapleg syn, og stiller seg på lina med Goethe og Bergson. Men Aslaug Vaa veit å gjeva vâre og fine uttrykk for dei gamle tankane, og det er det som gjer henne til den fine diktaren ho er. Ho er panteist, og synest soleis ikkje å meina at Gud har nokon personlegdom, han ovrar seg gjenom verdsaltet, er grunn og vesen.

Stundom kanskje gjev ho uttrykk for Gud som den ukjende, og her kan vel synast at ho fyresteller seg Gud som transendent personlegdom, men det er helst då som «imaginær storleik», som anker for vår mennesketanke. Sjå «Deo Ignoto».

Leif Mæhle har ei god og skynsam melding av Bustader i Syn og Segn, nr. 7. 1963 utan at han prøver setja forfattarinna på filosofisk bås. Ei melding som syner at han har skyna boki. Å vilja klemma ein kunstnar inn i eit skjema, ein retning, ei tru er ikkje rett, endå mange kritikarar gjerne likar å gjera det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement