Musikk

80 år unge Alterhaug

Den nye kvartetten til Bjørn Alterhaug læt tett og fint.

Alderen ser ikkje ut til å tyngja Bjørn Alterhaug, meiner Lars Mossefinn.
Publisert Sist oppdatert

Bjørn Alterhaug koketterer med alderen sin (han passerte 80 i fjor) og lagar eit ordspel på Oscar Levants gamle travar «Blame It on My Youth» i tittelen på den nyaste plata si. I omslagsteksten reflekterer han over det å bli gamal og siterer Shakespeare: «It [old age] carried me to another land, where I was no longer the same.»

Eg er usikker på om Shakespeare-sitatet i dette tilfellet er særleg treffande. Det kan godt vera at Alterhaug kjenner det slik, men det er ein estetisk klarleik og handverksmessig soliditet i det han gjer, som er like sterk og raffinert i dag som dei var for meir enn ein mannsalder sidan.

Alderen høyrest ikkje ut til å tyngja han (eller dei to andre seniorane i kvartetten, Vigleik Storaas og Tom Olstad) nemnande i to av høgdepunkta på plata, Sonny Rollins-låten «Oleo», variasjon 1 og 2. Spesielt variasjon 2 har eit leikent og fint kommuniserande akkompagnement at merksemda blir dregen mot det som skjer i kompet. Erlend Vangen Kongtorp må vera gild og tilgje meg... Også i den innleiande duetten mellom Storaas og Olstad i båe variasjonane er det overraskande frisk musisering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement