Litteratur

8. mars 1964

Publisert

Tak deg i akt! Eg sit og høyrer på ynskjekonserten, det er måndag. Jau, dei er innsmigrande mange av desse tonane, desse velkjende
songane, anten dei no er lette eller ålvorleg. Dei gjeng i gamle, slitne far, er ofte tunge og sentimentale, slikt som har vist seg å røra folkehjarta.

Det gjeng ikkje an å nekta for det at ber i seg noko almennt menneskjeleg. Men, og her vil eg vera streng, eit menneske kan òg verta gjesta av meir rare og sjeldne kjenslor og vik, skjelv og sjokk, syner og merkelege samanheng. Her er Vesaas ein pionér, ein jegar.

I dette grenselandet, der me ofte ferdast den tid me var born, fyrr vårt kjensleliv vart upprifla av kyrkjemusikk,
salmar og Alvestads songbok. Eg segjer nett upprifla. Seinare vil me ha alt me les og høyrer i same riflone, i same tralten i same duren. Her er ein fåre, og du skal vera på vakt! På vakt!

Det vil segja når du dømer um ny kunst, og når du sjølv er i ferd med å gjera noko nytt. For det kan henda at du sjølv er so galen at du vil gjera noko, noko nytt, noko som aldri har vore fyrr.

Her vil eg segja ein liten ting til. Det tek til å verta noko slite og konvensjonelt yver mykje av dei modernistiske dikti òg. Her har Stephen Spender rett når han segjer at medgangen har ført til stagnasjon der i garden òg; han saknar det friske, råe og djerve i uttrykket no samanlikna med dikti frå pionértidi, seg fyre 1920.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement