5. oktober 1963

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Publisert

Litt regnrusk. Skal prøva gjera meg ferdig med epli i dag. Det har vore ei travel tid; men no har eg fenge frukti ned for denne gongen. Da° lyt eg vøla av i huset, vaska og stella og setja det litt i stand, dinæst taka upp potetone og ryddja upp litt i hagen fyrr vinteren.

«Lukkeleg er den mann som Gud straffar!» Jobs bok

Lese meir i Inferno. Forvitneleg bok, men sjølv kjenner eg so vel alle desse tilstandane Strindberg fortel um og skildrar i denne boki, at eg kan berre nikka og sla° fast: slik er det, nett slik! Men det vitnar um Strindbergs ufatelege heltemod at han har greidt skrive ned nett desse tilstandane han har vore i. Noko kan han ha lese seg til i medisinske journalar, men han har nok o`g sjølv røynt mykje av det boki fortel um.

Her vil eg koma med eit ord. Inferno er forteljingi um opningi og inn- føringi i det høgare andeliv. Og det er merkjeleg kor likt dette ytrar seg for alle. Da° eg sjølv kom i strid med maktene, i 25-a°rs alder, hadde eg ikkje lese korkje okkultisme eller mystisisme, men a°ndene tala i same spra°k, bruka dei same teikn som til Strindberg.

Dette har ofte undra meg. No, etter eg har lese litt meir um slike ting, undrar det meg ikkje! Eg er ferdig med boki, og eg tvilar ikkje pa° at boki er eit heilt igjenom ærleg arbeid, der Strindberg har fortalt um sine røynslor so truge som mogeleg. Han yverdriv ikkje, denne mannen har verkeleg prøvt dette som han upplever.

Her er ein ting ein skal merka seg: Strindberg lyt ha vore uvanleg a°ndssterk – me veit han var det – , han har halde styringi gjenom dei harde prøvingar som vilde ha gjort ein veikare mann ør. Og han greidde skriva sine tankar og upplevingar ned. Nerval greidde o`g gjeva att mykje av sine røynslor, eg tenkjer her pa° den forunderlege Aure´lia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement