Bok
5. januar 1968
Olav H. Hauge-dagbøkene: Var Dostojevskij ein «poeta Christianissimus»?
Meir um Dostojevskij: Kjellermennesket. Dette er den boki som har hatt sterkast bod til meg av det eg har lese av Dostojevskij. Det er ei bok som du kanskje ikkje vil forstå utan du nett er eit kjellarmenneske eller har vore det då. Det har eg vore, og er det òg. Eit kjellarmenneske.
Difor er dette boki um meg, meir enn noko onnor bok! Her ugløymande skildringar i denne boki, s.t.d. då stakkars Lisa kjem fram med brevet frå den studenten den natti. Ogso ho er eit menneske!
Dette er høgdepunkt… Ja, Dostojevskij er i sanning den boki etter evangeliet som kan forvandla, umskapa menneskehjarto, og ikkje berre det, men gjeva oss eit nytt hjarta. Nett det, han kan gjeva oss eit nytt hjarta!
Dostojevskij og religionen. Satan og Gud er i deg sjølv, i ditt hjarta, det er Dostojevskijs metafysikk. Der stend striden, dersom du har dette edlare hjarta som verkeleg hyser desse store motsetnadene. Der stend då striden.
Dersom du ikkje har dette edlare hjarta, er du ikkje i stand til å skyna denne striden. Denne forferdelege striden. Du er berre likesæl, og skynar ikkje kva sume plagar seg med.
Var Dostojevskij ein «poeta Christianissimus»? Sikkert, stundom i alle fall. Med all sin tvil var han det, dersom me tolkar Jesus rett. Knapt etter vanleg kyrkjetru. Han vart alltid den store tvilaren. Alltid den store truande. Det kan høyrast paradoksalt, men han var slik, polariteten var hans vesen. Tenkjer ein etter må det vera slik i eit menneskehjarta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.