5. januar 1968

Olav H. Hauge-dagbøkene: Myrk er Dostojevskij’s verd, vondt er livet, berre liding og smerte.

Publisert

Meir um Dostojevskij. Ringen er slutta. Gjeng me alle øre i kring i uppdunga tusundårig visdom og tru, til me til slutt finn ut att i ljoset som frå ein dødsskog, ein fortrolla jungel?

Mange. Og mange finn ikkje ut att, men verande der. Her kjem eg då attende til Blake (som Gide rekna saman med Dostojevskij, Nietzsche og Browning). Byrja han der Dostojevskij slutta, skaut han gjenom tidsens skodde som den stjerne han var?

Litt vasa han òg i jungelen, i dødsskogen, men dei fyrste dikti syner kven han er: Bodberaren med sigerstrompeten. Eit nytt signal for ei ny tid! Myrk er Dostojevskij’s verd, vondt er livet, berre liding og smerte, – men likevel sviv ordet, frelsarordet yver djupet, eit ord som linnar og trøystar: «Ottast ikkje for livet, berre gjenom liding kan me læra å elska det.»

Det er han sjølv som kjem med desse ordi, han som har lide mest av alle. Han kyssar sin kross og lovprisar sin lagnad, me må læra å elska livet, fyrst då forstår me. Dei som mest lid og har lide, skal prisa det høgst. I ekstase.

For, og her har me løyndomen, «all smerte skal eg lida, kan eg berre segja ’eg er’, segjer Dimitri Karamasov. ’Dei som spottar Gud og livet, spottar og forbannar seg sjølve’ segjer Sossima.»

Det siste ord Dostojevskij skreiv, var: «Hurra for livet!» Sant. «Brødrene Karamasov er det femte evangelium.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement