5. januar 1968
Olav H. Hauge-dagbøkene: Kom ikkje og seg at Dostojevskij ikkje var poet!
Dostojevskij forbannar europeisk kultur. Han gjorde det. Rasande slyngjer han ut si forbanning yver Vest-Europa. Det er plukkrote. Kristendomen, bokheimen, moralen, sedene. Framtidi er Russland under førarskap av Den russiske Kristus. Heilagt er Russland: «Førebels lyt kvart menneske bli russar.»
I sin fantastiske galenskap, i si forkynning, so yverdrivi, so paradoksal, liknar han Nietzsche.
Det er nett denne lidenskap, utan all fornuft, som gjer at me les dei. Hjå andre hadde slike vitlause tankar vore låttelege. For dei høver munkerolla, profettalen, svipa, dei er av Djengis Khans ætt. Konservative, reaksjonære. Berre milde ord for deira innstilling!
Har storm og lyneld medynk? Dei er samansette av tvo halvdelar: byrgskap og audmykt. Atter kontrastane. Polariteten. Du kan ikkje vera det eine utan å vera det andre med! Du kan ikkje vera god utan å vera vond. Det er livsens lov. Difor spottar og tilbedar vi i same no! Gud og Satan er same mannen?
Det er elles lite og inkje av byrgskap og sjølvskryt i Dostojevskijs verk, han berre rakkar ned på seg sjølv og klagar seg sjølv, det er på vegner av Russland og sin Gud han er byrg! Og ovmodig, rå.
«I de lyse nætter». Kom ikkje og seg at Dostojevskij ikkje var poet! Er det ikkje ein stor poet som har skrive denne novella, veit ikkje eg. Her ligg i alle fall tonen til ungdomen i 90-åri.
Obstfelder, Hamsun, jau, det er lett å høyra kven dei forguda. Men dette er ikkje berre poesi, det er ei studie i kvinnehjarta, kven kan vel forstå det? Dostojevskij har skyna mykje! Fatige folk har eg ikkje lese, men Dobbeltgjengeren, den andre boki hans, har eg lese. Eg synest den var noko av det mest ekte, mest fantastiske eg har lese av han. Det fyrste av ein forfattar er ofte med det beste.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.