Bok

300 nyansar av kvitt

Snøaugo, sporvehalvpartar og ekornnysnø: Yngve Ryds forteljing om snø er både praktisk og poetisk. Kven klarer å vera urørt over gleda ved å råka på vårens fyrste kaffiberrflekk?

Sommarsnø i fjellet, dielle, er hard og ber både folk og rein. Biletet frå 1944 syner korleis samane flytta i tida før scooter og firhjuling, attpåtil med geiter.
Sommarsnø i fjellet, dielle, er hard og ber både folk og rein. Biletet frå 1944 syner korleis samane flytta i tida før scooter og firhjuling, attpåtil med geiter.
Publisert Sist oppdatert

Det hender eg famlar med orda når eg skal forklara nokon når noko hende, til dømes i jakta. Var det «førre haust»? Eller «seinhaustes»? Kanskje «tidleg på vinteren» høver betre? Men når er eigentleg «tidleg vinter», nøyaktig? Og kva skil det frå «seinhaustes»?

Dei fire årstidene, slik Vivaldi skildra dei musikalsk i fiolinkonsertane sine, strekkjer ikkje alltid til. Frå skrivebordet kan ein dela året opp slik, men i naturen fylgjer ikkje alltid årstidsgrensene landskapet – særleg nord i Skandinavia, der endringane i naturen kan koma brått på eller gjennom lengre overgangsperiodar. Og ikkje minst kan tidspunkta for når snøen fer og bjørka spring, variera mykje frå år til år.

Formålstenleg er det difor at det fyrste av dei 18 kapitla i Snø. Reingjeteren Johan Rassa forteller etablerer eit rammeverk som skal syna seg nyttig seinare i lesinga. Kapittelet tek føre seg årstidene, og dei er det åtte av for samane.

Brunstige bukkar

Hausten (tjaktja) er i september og oktober. Det snør, smeltar og sluddar kring brunstige reinsbukkar. Haustvinteren (tjaktjadálvve) byrjar når snøen legg seg i slutten av oktober, og held fram gjennom november og brorparten av desember. Snøen kan smelta, men det blir ikkje berrmark. Sola forsvinn og reinen lyt flyttast ned til barskogen. Vinteren (dálvve) er i slutten av desember, og i januar og februar. Snøen er djup, skiføret tungt. Snøen tyngjer trea, og det er kaldt. Sola vender attende på denne tida, men står lågt på himmelen.

Vårvinter (gidádálvve) er i mars og april. Ein merkar at sola vermer midt på dagen, og så lenge snøen held seg kald og tørr, er dette den finaste tida på vinteren. Om beitet er bra, held reinen seg i ro. Sola skin, og det er ofte fint skiføre. Gamle samar som budde i hytte i den mørkaste og kaldaste delen av vinteren, pla no flytta ut i lavvo for å koma nær reinen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement