27. mai 1960

Eg skal ta alt eg sagt attende. Umsetjingi av Odyssevs-kvædet er makelaus. Jau, Garborg var språkmeister.

Publisert

Byrja slåtten. Gjort innkjøp. Vatna, gjeve kålplantone salpeter. Lese lenger i Odyssevs-kvædet. Eg er no komen til sjuande songen. Herleg! Dette kvædet er meir moderne enn Iliaden, meir ledugt, meir mangslunge, meir menneskjeleg.

Eg har fyrr lese litt her og der, men eg har liksom ikkje kome til rettes med Garborg; eg har alltid tykt at han var altfor fri i språkbruken, serleg at han nytta for mykje umkasta ordstilling. Eg skal ta alt eg sagt attende. Umsetjingi av Odyssevs-kvædet er makelaus. Jau, Garborg var språkmeister.

Det er tungt stoff dette, og songane til Homer vert litt umstendelege og tungføre, vil me tykkja, men Garborg fær dei til å lyfta seg, i veldig ro. Tenk berre på skildringi då Odyssevs sigler frå nymfa Kalypso. Ein gløymer motmæle. Og ein ser at alle umkasti i setningar og ord likevel er vortne til mektige, verknadsfulle stilråder.

Gilbert Murray segjer elles at originalen kryr av inversjonar, so det er i god gresk stil. Vandvik vert stiv og kvardagsleg samanlikna med Garborg, det ser eg no; men han er god, han òg, svært god. Og sikkert svært pålitelig.

29. mai: Eg held no på nittande songen. Eg lyt nok segja at det varer og rekk og er litt lang­drjugt fyrr striden med friarane tek til, han er seig og umstendeleg, Homer, gjev seg god tid; kanskje er han vel vitande um at han no rett langpiner alle, dei er huga å vita kor dette ber av. Men nei, han er ikkje snøgg med å koma med endelykti.

I nittande songen er elles ei forvitneleg utsegn um draumar, dei falske og dei ekte, dei som kjem inn gjenom filsbeinsporten, og dei som kjem gjenom hornporten. Vinje har lært mykje av grekarane. Han gledde seg yver at han atter fekk sjå våren bløma, og isen fljota frå landet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement