21. februar 1958

Publisert

Ferdig med Fuglane av Vesaas. Diverre. Ho kunde gjerne vart lenger, for eg syntest ikkje eg hadde fenge visst nok um Tusten! Eg var ikkje trøytt av han, og det trur eg ikkje folket hans var, heller.

For so forunderleg er han, Tusten, visst er han ikkje som andre, men likevel mykje lik oss andre, svært mykje lik ein liten tust inni oss; for kven hev ikkje ein Tust inni seg? Kanskje ikkje so liten heller. Men me viser han ikkje, ikkje til kvardags.

Men Tusten er der, tenkjer og talar som han, og stundom fær me uppleva og sjå underet som han òg. Men me vil ikkje vera ved det. For den kloke Hege i oss talar oss til rette. Den kloke eller eg skulde vel segja den skarpe Hege veit kor det skal gjerast og ordnast her i verdi.

Hege og Tusten, dette syskenparet, det er oss sjølve det. Og det er det tragiske at Tusten lyt døy, han er ikkje til nokon nytte. Ein kan segja han ofra seg eller kanskje den tanken er framand for han, då han ser han er i vegen for Hege og Jørgen.

Han set i alle fall det i lagnadens vald – han er her inne på eit djupt og innfløkt spursmål i tilværet, spursmålet um styrande maktar eller det blinde tilfelle, spursmålet som mykje klokare karar enn Tusten har gruvla seg grå over.

Slutten i boki er naturleg, og oveleg spanande, serleg uppgjeret med han og Hege og Jørgen. I grunnen vil eg ikkje segja at denne boki er betre enn novella i Vindane, me har heile Tusten der, men ymist nytt vert då drege inn. Tusten er både dåre og vismann på same tid, det er vel ikkje rette ordi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement