Litteratur

20. februar 1956

Publisert

Alt ligg i frø hjå Wergeland: Bjørnsons varme og menneskekjærleik, Ibsens strenge tukt, Aasens målstræv, Moe og Asbjørnsen, Kincks merkelege biletrike sjåarstil, Collett Vogts lyriske begeistring, Obstfelder, ja endåtil Vinjes beiskleik og satire.

Endåtil i dette århundrad er han gjevaren og den som inspirerar. Bull er utenkjeleg utan han, Aukrust like eins, Nygard, Ingeborg Refling Hagen og Henrik Holm. Ja, endåtil modernistane har gjenge i skule hjå han og kan ausa av hans biletskapande fantasi. «Til Georg von Krogh» og «Mig Selv» skulde vel vera modernistiske nok. Gud vite – han kan føda mykje enno, denne store åndi.

Der noko stort vert til i landet vårt, er Wergelands geist med. Wergeland er den som held alle desse fuglane i si hand – alle fyk ut med eitt bod, eit serskildt bod som alltid kjem frå han. – Han stend og taumhøge [?] sterke hender. Folane sine. Dei er hans tenande ånder. Det vil me alle vera. (…)

Wergeland styrer det nye Norge, sa eg. Alle diktarane etter han er fuglar sleppte frå hans hand, – med sitt bod. Bod frå han. Eg kan nemna døme. Er det ikkje som heile Ibsen ligg i «Efter Tidens Leilighet»? «Vær i et og alt dig selv! Det er sejrens kunst, min sjæl.»

Men Wergeland kan òg vera makaber som ein fransk symbolist, og drøymande som Obstfelder. Obstfelder er ikkje den minste av etterkomarane hans. Dei segjer mynsteret for versi hans skal vera Whitman; kvifor ikkje like godt Wergeland?

Wergeland er vanskeleg å lesa mange gonger. «Maadehold i Dyd» er som ein jungel, ikkje nokon stad vrimlar det slik av fantastiske bilete, stilen er heller ikkje so enkel, dertil alle allusjonane og innpåleikingane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement