Litteratur
20. februar 1956
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.
Teikning: May Linn Clement
Knut i Stetti. Han Knut vart ikkje nokon gamal mann, 64 år. Det vart ikkje sagt det som skulde vore sagt ved kista hans. Eg kjende det som me vart småe, me som sat der.
Han var sigraren, han Knut. For eg veit han var ein av dei som me kunde bruka ordi um: «Den som vil berga sitt liv, skal missa det, og den som gjev sitt liv, skal vinna det.»
Rett nok var han ikkje ofte å sjå i kyrkja, men likevel veit eg um fåe som levde etter Kristi ord som han. På hans dør hadde du ikkje banka fåfengt dersom du hadde vore i naud. Og ikkje var han redd for seg og sitt heller.
Eg hugsar 25. april 1940. Dei tyske båtane kom inn i 7-tidi um mor gonen og gjekk um bord på San Miguel, som låg ved dampbryggja. Då small det ein stad uppi haugane. Straks kom Knut springande nedyver Nilsaflaten, for upp på Solhaug og stod og speia – rifla i handi.
Han ropa hega til meg og spurde kor dei skaut. «Nedi haugane her,» sa eg. Knut sette nedyver. Etterpå fekk eg vita han la seg i lina millom soldatane som låg på Prinsahaugen. Seinare vart han spurd um han treffte. «Dar var ingjen so markerte,» sa han.
Trugen nordmann, heilhuga og retttenkjande var han, levde spartansk og var nøgd med lite. Einfelde klæde, einfelde ting i huset, berre det aller nødvendigaste til mat og drikke – slik levde han. Ei bok til kveldstundi var hans tidtrøyte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.