20. februar 1956
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.
Knut i Stetti. Han Knut vart ikkje nokon gamal mann, 64 år. Det vart ikkje sagt, det som skulde vore sagt ved kista hans.
Eg kjende det som me vart småe, me som sat der. Han var sigraren, han Knut. For eg veit han var ein av dei som me kunde bruka ordi um: «Den som vil berga sitt liv, skal missa det, og den som gjev sitt liv, skal vinna det.»
Rett nok var han ikkje ofte å sjå i kyrkja, men likevel veit eg um fåe som levde etter Kristi ord som han. På hans dør hadde du ikkje banka fåfengt dersom du hadde vore i naud. Og ikkje var han redd for seg og sitt heller.
Eg hugsar 25. april 1940. Dei tyske båtane kom inn i 7-tidi um morgonen og gjekk um bord på San Miguel, som låg ved dampbryggja. Då small det ein stad uppi haugane. Straks kom Knut springande nedyver Nilsaflaten, fór upp på Solhaug og stod og speia – rifla i handi. Han ropa hega til meg og spurde kor dei skaut. «Nedi haugane her,» sa eg.
Knut sette nedyver. Etterpå fekk eg vita han la seg i lina millom soldatane som låg på Prinsahaugen. Seinare vart han spurd um han trefte. «Dar var ingjen so markerte,» sa han. Trugen nordmann, heilhuga og rettenkjande var han, levde spartansk og var nøgd med lite.
Einfelde klæde, einfelde ting i huset, berre det aller nødvendigaste til mat og drikke – slik levde han. Ei bok til kveldstundi var hans tidtrøyte. Han sa aldri eit vondt ord um nokon, og bar aldri.
Han kunde verka litt bratt og stiv i framferd, men var ein vâr og hug-mjuk mann, som alle dei folki. Det er langt millom slike som han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Knut i Stetti. Han Knut vart ikkje nokon gamal mann, 64 år. Det vart ikkje sagt, det som skulde vore sagt ved kista hans.
Eg kjende det som me vart småe, me som sat der. Han var sigraren, han Knut. For eg veit han var ein av dei som me kunde bruka ordi um: «Den som vil berga sitt liv, skal missa det, og den som gjev sitt liv, skal vinna det.»
Rett nok var han ikkje ofte å sjå i kyrkja, men likevel veit eg um fåe som levde etter Kristi ord som han. På hans dør hadde du ikkje banka fåfengt dersom du hadde vore i naud. Og ikkje var han redd for seg og sitt heller.
Eg hugsar 25. april 1940. Dei tyske båtane kom inn i 7-tidi um morgonen og gjekk um bord på San Miguel, som låg ved dampbryggja. Då small det ein stad uppi haugane. Straks kom Knut springande nedyver Nilsaflaten, fór upp på Solhaug og stod og speia – rifla i handi. Han ropa hega til meg og spurde kor dei skaut. «Nedi haugane her,» sa eg.
Knut sette nedyver. Etterpå fekk eg vita han la seg i lina millom soldatane som låg på Prinsahaugen. Seinare vart han spurd um han trefte. «Dar var ingjen so markerte,» sa han. Trugen nordmann, heilhuga og rettenkjande var han, levde spartansk og var nøgd med lite.
Einfelde klæde, einfelde ting i huset, berre det aller nødvendigaste til mat og drikke – slik levde han. Ei bok til kveldstundi var hans tidtrøyte. Han sa aldri eit vondt ord um nokon, og bar aldri.
Han kunde verka litt bratt og stiv i framferd, men var ein vâr og hug-mjuk mann, som alle dei folki. Det er langt millom slike som han.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.