JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

20. august 1963

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2457
20230818
2457
20230818

Jane Austen: Emma er ei vanskeleg bok, ei ga°tefull bok. Enda° ho kan synast enkel nok. Og i boki er det fyrst og fremst Emma som er forvitneleg, enda° her er andre menneske o`g som er meisterleg teikna. Men Emma er lodda fra° alle sidor, dei andre er gjevne med færre strekar, og da° serleg ved karakteristiske særdrag.

Far til Emma, Mr. Woodhouse, er alltid den same; han tenkjer berre pa° helsa og ro og likevekt i sinnet, dømer mildt um andre og er svært venleg og fyrekomande. Han er la°tteleg, men truskuldig.

Eit anna truskuldig godmenneske er Miss Bates, men ho er o`g i grunnen berre til a° læ av. Mr. Knightley er o`g ein type, den rike, sjølvstendige, kloke og fintenkjande godseigaren, han Emma vert gift med. Mrs. Elton, prestefrua er eit narr, og me er samde med Emma na°r ho gjer upp sin dom um henne.

Presten, Mr. Elton, er meir samansett, og den som kjem fram etter avslaget fra° Emma. Veninna til Emma, Harriet Smith, er tydeleg teikna, og eit hugtakande unggjente er ho. Den andre veninna, Miss Fairfaix, er meir pa° avstand.

Emma sjølv, rik arving og ung og ven og ga°verik, er sjølvsagt midtpunktet. Ho er byrg, kvass, gløgg, litt vondtenkt o`g, men ikkje meir enn dei fleste ga°verike menneske er. Ho er sjølvkjær og ærekjær, dømesjuk, mistenksam, og ikkje minst – ra°derik. Ho har det med a° skipa og ordna for andre, para folk i hop og slikt.

Det gjeng godt ein gong, men ho tek syrgjeleg feil med Harriet og ra°der henne ille. For Emma er snobbut o`g, og det til gongs, dette kjem svært godt fram i synet pa° «the yeoman» Mr. Martin. No var eit slikt syn pa° bonden svært vanleg i den tid, og Emma er barn av si tid.

Men, med alle sine lyte er Emma ei kvinne me kjem til a° halda av. Ho er so menneskjeleg. Og godt gjeng det henne o`g, og dei hine o`g. Boki er ein idyll, og me skal hugsa pa° det, og ikkje ta henne for ei realistisk skildring av den tids England.

Dette var nokre tankar um Emma, men den kvinna er so ga°tefull, enda° so nyansert ho er skildra, at ho venteleg kjem til a° brigda dersom ein les boki uppatt. Men kven har tid til slikt, eg vil heller lese fleire romanar av denne forfattaren.

Jane Austen er ingen lidenskapeleg, stormande diktar som Emily Bronte, ho er stillfarande og vel tøymd, men skarp og va^r. Meister.

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis