2. april 1959

Publisert

Fyrste april gjekk – eg vart ikkje nett narra, det laut vera av meg sjølv, um so var. Det hender ikkje berre fyrste april. Elles var eg nedyver, det er alltid eit kvart eg lyt ha til huset. Eg har den uvanen at eg kjøper for mykje i smått. No skal eg greida meg lenge.

So var eg innum bokhandelen og fekk med meg ein slump bøker. (Det er eit nedslag i vår, og eg har fenge set lista og tinga fyrr.) Nedslag. Javel. Men då er du viss på at der sleng gode bøker. For gode bøker gjeng ikkje her i landet. Det vart nett 50 kr. Og då fekk eg: Thoreau: Livet i skogene. Bjørkhem: Det okkulte problem. Ranheimsæter: Tro og vantro. Martin Hansen: Tanker i en skorsten, Paradiseplene, Konkylien.

Bøker er eit spursmål, ja, eit vanskeleg spursmål når ein har liti råd og bur so avsides. Men, ein har snart mange nok bøker, når ein berre fura og granska dei ein har. Men, på ein viss måte er dei lægre eit vilkår for den høgre litteratur. Det siste kan ein setja eit spursmål ved. Kan du ikkje stiga med sjumilsstøvlar, kjem du ingen veg i åndsverdi.

Idag skal eg vaska klede. Elles lyt eg tenkja på kva eg skal lesa laurdagskveld, det er ei tilstelling på ungdomshuset. Ja, so har eg då vaska klede, skola dei, og fenge dei på snori. Det er eit uppfriskande syn, klede på snori i soli. Elles laut eg koka fisk, potetor og gulerot til middag.

I millom stal eg meg til å lesa litt i Livet i skogene av Thoreau. Eg kjem til å trivast godt i lag med han. Og eg skal so visst få meg tak i ei engelsk utgåve, for då vil eg få betre tak i han. Då vil eg gjeva burt denne umsetjingi, um eg finn nokon som kunde tenkjast å ha hugnad av ein slik gamal luring. Eg veit ikkje mange her. Men slike folk finst, gud skje lov.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement