Ivar Lo-Johansson har skrive um sitt liv. No har eg lese Journalisten, og held på med Författaren. Det er forvitneleg lesnad, serleg for ein som har hyst diktardraumar sjølv, og vore like fatig og like kunn skapshungrig i sin ungdom.
Jau, ein kjenner seg att. Tilhøvi i Sverige er vel mykje like dei me har, kanskje det er endå jevligare her hjå oss. Det er merkeleg kor Lo-Johansson strikar under skilnaden på arbeidardikting og vanleg akademisk eller borgarleg dikting. Desse arbeidarforfattarane han sjølv høyrer til, var sjølvlærde underklassefolk.
Eg er ikkje so vel heime i svensk litteratur at eg skynar kven han meiner alltid. (Han skriv berre fyre bokstavane til forfattarane.) Men friskt er bilete av Harry Martinson (H.M.) og sameleis av Artur Lundkvist (AL). Denne skilnaden på skulelærd og sjølvlærd gjeng djupt. Og han segjer at den sjølvlærde bør læra seg til å skriva betre enn akademikaren.
Her hjå oss høyrer vel Johan Falkberget (og Hamsun), Kristofer Uppdal, Rudolf Nilsen, Tor Jonsson til typen Ivar Lo-Johansson. Me kan vidare nemna Hans Børli, Svinsås og mange fleire.
I Journalisten er fyrst og fremst eit fint bilete av faren, og dessutan av Dømde Augusta. Faren kan ikkje lesa skikkeleg. Det er slikt som eg kjenner til. Slikt som har serleg interesse for meg.
Forfattaren er ei uvanleg bok. Sann. Sikkert. Ingenstads er problemi ein skrivande mann har å strida med, so sannferdig skildra, det eg veit.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.