17. september 1967
Leo Tolstoy: Opstandelse. Dette er samtidsroman. Eit uppgjer med tilstandane i Russland i midten forige århundra. Samfunnet er rote. Ein modig mann har skrive denne boki, og eg skal lova ho har skake samtidi!
Samstundes er dette sikkert eit uppgjer med han sjølv. Denne helten prøver å realisera det Tolstoy sjølv kjende han burde gjera, men som han ikkje var mann til.
Her er ein setning som segjer mykje: «Det eneste sted som passer for en hederlig mann i våre dagers Russland, er et fengsel.» Dette var ei stor bok for dei gamle socialistane! Og med rette.
Som kunstverk stend vel ikkje dette verket på høgd med Krig og fred og Anna Karenina. Sume ting er sjølvsagde. Men rettferdskjensle trengst styrkjast i oss alle, ho kan sovna, den òg.
Skildringane her av byråkratiet i Russland er uhyggjeleg. Men same spøkjelse lever me under, ein ser noko av det same hjå tenestemenn i velferdsstaten òg. Noko stivna, mekanisk, kald i umgang med andre menneske. Vel noko som fylgjer med når ein skal ha med mange menneske å gjera, dei vert ting og plikt for dei.
Tolstoy er moralist. Det er alle store forfattarar. Og det trengst. Profetane var òg det. Og likevel: Det er langt dit å verta menneske. Det er alt eg vil segja.
Boki endar med ein merkeleg kjedereaksjon. Fyrsten vil ofra seg for den gjenta han har forført – det var, etter vår meining ikkje noko gale i, men svika henne – det har sin verknad på henne, endå ho segjer nei til tilbodet hans å gifta seg med henne, ho fær godhug for ein annan fange som skal ha straffarbeid i Sibir òg, då ho sjølv vert fri etter nåde, slær ho lag med han og vil fylgja han.
Slik, kan me segja Tolstoy forkynner dei gode gjerningars verk i menneskehugen. Offeret. Kjærleik. Jau, det er mykje sant og stort å henta kraft av i Tolstoys verk. Og alle desse typone! Dei er rita med fast hand, du gløymer dei ikkje. Berre ta fangetransporten til Sibir. Kor godt er ikkje desse typone tekne.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Festivalsommaren
Korleis klappar eg med ein øl i eine handa?
Terje Lie (t.v.) etter å ha vunne eit av sine mange NM-gull, saman med makkeren Nils Kåre Kvangraven.
Foto: Norsk bridgeforbund
Frå Bridgeverda: Berre det beste
Fekk ikkje plass til alt
– Det er ikkje vår oppgåve å drive med polemikk. Vi har levert eit fagleg arbeid, seier kommunikasjonsdirektør Ola Anders Skauby i Sokkeldirekoratet.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB