Litteratur
16. april 1957
Diktaren har idag teke over profeten og presten si rolle; det er fåe som skynar at det forpliktar.
Siste vika har eg lese igjenom Asbjørn Aarnes si bok um Gérard de Nerval. Eg har sjeldan eller aldri lese noko bok um ein diktar med so stor interesse.
Eg har havt hug å skriva nokre ord um den boki, ikkje berre her, men for andre, i eit blad. Ja, eg har lært mykje um Nerval og diktingi hans, so Aarnes skal ha takk. Han er ikkje sjølv lyrikar, men syner at han har grundig kjennskap til korleis ein diktar arbeider.
Det er fåe diktarar eg har synest so godt um som Nerval, alt frå eg lærde nokre av dikti hans å kjenna. Desse einfelde odane, so friske og klåre og med so rein ein tone! Ja, det er tonen i dikti til Nerval som fyrst slær ein.
Ta berre det vesle diktet um fuglane i skogen og «Avril», – det siste minner um eit målarstykke av Renoir: «Une Allée du Luxembourg» eller det makelause «Chanson Gothique», «Cydalises», og fyrst og fremst «Fantaisie», men det kvardagslege «La Cousine» syner han kunde gjera dikt av småting òg.
Sonettane er noko for seg sjølv, serleg då «Myrtho», «Delfica» og «Artémis».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.