JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

12. januar 1971

Ibsen vart aldri fri, difor er ikkje menneski hans frie heller.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2268
20230915
2268
20230915

Lat gå, Ibsen hånar og kjempar mot konvensjonane, den gode tone i samfunnslivet. Men likevel – han tek dei dødleg alvorleg! Og det er det borgaren likar.

Gamle Løvdahl har vore på straff. Javel. Men Ibsen veit ikkje nokon annan utveg enn flaska, so han gløymer. Han ser ikkje so langt at mannen kunde teke si straff, vendt seg burt frå sin gamle umgang, vorte eit anna menneske. Men nei, han må leva som slave under det han har gjort!

Ibsen vart aldri fri, difor er ikkje menneski hans frie heller. Hjå Ibsen er konvensjonane allmektige. Menneski er det dei er i samhøve med dei. Lever eller ikkje lever. At han sjølv sigra som diktar, var ikkje nok.

Han måtte sigra som besteborgar. Verta rik, få ærestitlar, medaljer, ordnar, gå klædd som diplomat eller grosserar – alt slikt han veit borgaren respekterar, stutt sagt: Anstand. Ibsen la seg etter statussymbol.

Dette er berre lause merknader – av ein som berre lausleg kjenner Ibsen. Det at so mange granskar han – ja, det skulde tyda på at han har mykje å gjeva.

Og likevel: Er ikkje Når vi døde vågner eit uppgjerd frå ein som gjeng ein rang veg? Nedveg? Vegen til alt kjøt. Ånd gjeng ein annan veg! Der lyt vera ei løysing, ei onnor løysing for ein mann i Rubek’s situasjon. Der er! Ikkje den mest flate, sjølvsagde! Etter konvensjonen. For seks-løysingi er òg vorti konvensjon, ei tom tru.

Tolstoy fann løysingi – i offer, ikkje i trege yver at han ikkje hadde late kjærleiksdriftene fenge rasa ut, det hadde han elles sytt for i ung alder og hadde soleis ingen ting å trega på. Men um han ikkje det hadde, fanst der ikkje utveg til fred på andre måtar enn den Ibsenske? Der må vera det.

Nett det: Finst der ikkje andre løysingar for personane til Ibsen som er komne i konfliktsituasjonar, enn dei dei grip til? Der finst, eller rettare sagt hadde funnest. Då laut Ibsen ha vore friare, meir ubunden, større. Men kanskje hadde han då vorte minder påakta, teken for fantast.

Det var det han ikkje var. Han var bunden av si tids skikk og bruk. Difor forstod dei han so godt, tok han ålvorleg. Pengar, stilling, rang, vyrdnad, ætt, utdaning, alt saman var grunnverdiar for Ibsen heile livet. Siger, karriere. Slikt forstår folk!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis