12. januar 1971
«Og Hedda, ja henne kunde ein segja mykje stygt um! Frigid, det var no ein ting. Likevel, ho held sine rov.»
Mor 98 år. Høg alder. Like klår og prati.
Hedda Gabler skal upp på Det Norske Teatret. Eg har set det ein gong, lese det mange gonger. Og las det uppatt i går kveld. Høver til «one sitting». Tesmann, Daniel Løvborg. Legg merke til namni. Tesmann, held seg til tesane, ordet, det som er gjort, samlaren, kommentatoren. Elles ein snild mann. Daniel Løvborg. Daniel i løvehola. Den djerve, den nyskapande, vegbrøytaren.
Og Hedda, ja henne kunde ein segja mykje stygt um! Frigid, det var no ein ting. Likevel, ho held sine rov. Sjølv skyt ho idealet ut i det uendelege til det umogeleg, då er ho trygg, det kan ikkje verta noko av. For ho er redd røyndi, livet, seksualangst er vel eit ord her. Hedda er kanskje den mest fasinerande kvinna hjå Ibsen.
Elles, privat merknad: Det slær ein kor bundne desse menneski er, bundne av konvensjonar! Kor lite dei maktar å brjota ut, ta sin lagnad i si eigi hand! Thea, stakkar, er den einaste som vågar noko. Sant nok, Løvborg og Hedda vågar å drepa seg, og det er djervt nok, men er det noko løysing?
Er det ikkje nett her løyndomen ved Ibsen ligg, observeringi av dei strenge reglar, konvensjonane i det gode selskap, og dei små broti som sume gjer på desse reglane. Han er som ein overdomar ved eit sjakkspel, legg merke til spelet og dei ulovlege trekk!
Personane hjå Ibsen, endåtil upprørarane, gjer sjeldan heilt uventa kast, er sjeldan fantastiske. Dei med er bundne av det konvensjonelle, dei er ikkje frie, lever ikkje på eit sjølvstendig plan, i ei onnor verd.
Det er det fornuftsbundne som fasinerar hjå Ibsen, han er alltid på det trivielle plan. Og det likar borgaren. Ibsen er borgaren. Religiøse menneske finn ein ikkje, berre ein og annan teolog. Marionettar, utan sjel og sjeleliv, utan djupn. Ein og annan forskruva idealist med «ideale fordringar».
Tenk på menneski hjå Tolstoy og Dostojevskij! Dei reagerar menneskeleg, på ein heilt annan måte. Ibsen er mekanikk. Var mekanikk sjølv. Ibsens verk er hans eige liv. Ver viss. Difor er hans biografi lykjelen til hans verk. Det ser ein på han. Ta Jonas Lie! Der finn ein menneske!
Det er so mykje rett i Amalie Skrams og Hamsuns dom um Ibsen! «Det bliver aldrig Menneske af ham,» skriv ho i eit brev til Garborg.
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.