10. desember 1960
Teikning: May Linn Clement
Brev frå Gunnar Olafsson. Han sender meg utklipp av Arbeiderbladet, der Solumsmoen melder Norske dikt. Boki vert godt motteki, og det er godt; men kritikk er det ikkje råd å sleppa. Eit slikt verk er so vågalt og vanskeleg å ta fat på at det er godt gjort utvalsnemndi slepp med det so smikkelaust.
Eg har alltid røynt at motgang er lettare å bera enn medgang. Eg har visst skrive um finntoppen ein stad, at han toler alt. Men ein ting toler han ikkje, og det er gjødsel. Fær han det, daudar han.
Eg tenkjer på so mangt i desse dagar. Eg tenkjer på Edmund morbror òg, kanskje serleg på han. Han hadde studert ved The Lutheran Pacific Academy i Portland. Han kom heim då eg var 18 år. Han lærde meg å dyrka tri menn: Schopenhauer, Browning og Russell.
Og dei vart mine gudar lenge. Å få dei til å samfarast var nok ikkje so greidt. Eg torer å segja det var strid kost. Nietzsche hadde eg ikkje sjølv, men eg fekk låna Thus spoke Zarathustra hjå han.
Eg fylgde aldri med i skulen, for eg hadde so fælande mykje anna som eg skulde lesa og tenkja på. Rekna gjorde eg aldri.
Eg kjem på ein ting, sidan bladi skriv so mykje um Norske dikt. Hallvard Tveiten har dei ikkje med. Eg synest det er synd. Han har dikt som kan mæla seg med det beste i boki. Slikt skynar eg ikkje. So vidt eg veit, er Hellesnes ein av dei som har skrive skynsamt um han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.