Torfinn Syse – ja, han åt skyr og graut med hornskei og trudde på Edda og Garborg, stridare nordmann har ikkje funnest. Han gav meg Hægstad og Torp’s lærebok i gamalnorsk då eg var gut.
Han var gift med moster mi, ho Anna. Dei hadde ikkje born, og eg var mykje der. Eg gjekk kvar sundag til Syse, for å diskutera bøker og diktarar med Torfinn. Han hadde ein del bøker sjølv, berre nynorske. Og dei las han uppatt og uppatt.
Garborg hadde han samla. Elles var det Vinje og Aasen og Sivle og ættesoger frå Island, Snorre. Odyssevs-kvædet. Han lånte aldri bøker. Han heldt alltid Gula Tidend og Bygd og By. Subjekt og predikat visste ikkje Torfinn kva var, men han las og elska Homer for det.
Ja, eg ser på desse øvingsbøkene til ungane no for tidi. Turr øving, øving. Eg visste ikkje kva subjekt og predikat var fyrr siste året i framhaldskulen, endå læraren tok det uppatt hundre gonger.
Men når han las noko, og det hende det. Han las Haugtussa og Brand og Peer Gynt og Storegut for oss i framhaldskulen, og eg er takksam for det. Eingong las han Kivlemøyane av Olav Sveinsson. Då fraus eg.
Eg veit ikkje um det er so stort, eg har ikkje lese det på lenge. Men eg hugsar vel opningi: «Det var ein sundags-morgon fin i Skorves bratte lid, ein gong i forne tid.» Ja, minni er so mange.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.