JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

1. mars 1965

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1995
20230526
1995
20230526

Laxness: Liv og lagnad i Brekkukot. Dette er ein av dei siste bøkene til Laxness, frå 1956 eller so. Kva skal ein segja? Skildringi frå barneåri der i Brekkukot, der Alfgrimur veks upp hjå beste og besta, er vedunderleg vakkert skildra.

Elles er dette ei underleg bok, og eg må segja at eg fær ikkje tak i ein Gardar Holm. Kanskje skal det vera soleis, ingen vert klok på honom. Alfgrimur har litt av Rimbaud, for å vifta med kjennskap til den store litteraturen, endåtil sko og hår høver.

Elles er boki full av utfall mot mangt og mykje, soleis mot nynorsken, som han kallar eit storlåtteleg språk fordi det har få kasus. Haleklipt, stend det um det. Elles må det islandske folket vera eit underleg eitt, dersom det er sætande det Laxness skriv, men det kan no henda han skryter litt.

Det er visseleg so at trongen til kunnskap og lærdom og framum alt skaldskap har vore stor på Island, men Laxess legg nok gjerne noko til når han talar um vanlege folks kunnskap. Forresten, folk er slik her i landet òg, dei furar og les og grundar på mangt og mykje. At det er ekte vithug som ligg bak, er sikkert.

Ein mann som Gudmundson, handelsmannen i boki, les framande språk fordi han veit det er fint og merke på daning. Elles er det ei bok um verdsens fåfengd. Men mange fine typar av gamalt folk ser me, folk som fatigdom og strev har adla.

Til slutt eit ord um språket: her vert ein atter minna um at gentility er all kunsts død. Laxness er ikkje utanpåfin. Det ligg i islendaren å singla med store namn, vera heime alle stader, slikt kan ein nordmann ikkje gjera. At Laxness har stor kjennskap til verdslitteraturen er sikkert. (…)

Eg trur eg kan gjera meg upp ein del meiningar um islendingen slik som han stig fram i Laxness’ bøker. Islendingen lever i verdi, ikkje på Island. Island er ikkje noko slutta univers. Og bygdi på Island er heller ikkje noko avgrensa univers, slik som her i Noreg.

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis