1. januar 1968
Olav H. Hauge-dagbøkene: Baudelaire kjem meg i tankane når eg les um Dostojevskijs lidingsliv, han òg smidde si naud og sine laster og sin sjukdom um til kunst, endå mykje av hans lagnad var sjølvvalda.
Meir um Dostojevskij. «Was Strafe und Prüfung scheint wird dem Wissenden Hilfe, was den Menschen in die Knie stürzen soll, richtet den Dichter erst eigenlich auf … Jeden Blitz, der ihn trifft, fängt er auf und verwandelt, was ihn verbrennen sollte, in seelisches Feuer und schöpferisches Ekstase.» Zweig (Baumeister der Welt)
Og han held fram: «Was einen Schwächeren zermalmt hätte, stählt diesem Ekstätiker nur die Kraft.»
Og Zweig nemner so Wilde, som òg hamna i tukthus, som døme på korleis ein fin yverklassemann tek denne lagnaden. Wilde skjemmest yver sine medfangar; Dostojevskil søkjer deira lag og vil vinna dei, vera som ein av dei.
Og so fallsykja. Han elska desse stundene då han fekk uppleva ekstasen og synene, då alt loga upp i all-kjensle og samklang. Men etterpå kom naudi og elendet, han kjøpte desse stundene dyrt. Og likevel: han klaga aldri, og vilde ikkje vore sjukdomen forutan. Sjå elles Idioten.
Stutt sagt, kome sorg, kome ulukke, kome sæle og fred, det kjem ut på eitt, berre du brukar det, det skal alt tena til velsigning, dette lærer Dostojevskij’s liv deg.
Baudelaire kjem meg i tankane når eg les um Dostojevskijs lidingsliv, han òg smidde si naud og sine laster og sin sjukdom um til kunst, endå mykje av hans lagnad var sjølvvalda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.